Erfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjupning i norsk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studenten skal skrive ei masteroppgåve. I oppgåva må studenten dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet. Masteroppgåva skal vere fagdidaktisk. Sjølve emnet vel studenten sjølv.

Læringsutbyte

Studentane skal ha gjennomført, og skriftleg presentert resultatet av, eit sjølvstendig vitskapleg arbeid. Dei skal kunne gjere greie for, diskutere og vurdere teorigrunnlag, materialval og metode i dette arbeidet og relatere det til andre studiar i same forskingsfelt.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

6. - 8. semester.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Alle emna i kursdelen må vere avlagde. Prosjektskissa i fellesemnet Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling skal vere greidd seinast siste semestret før arbeidet med masteroppgåva tek til.
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
Emnet har 45 studiepoeng overlapp med emnet NORMAU655 Erfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjuping i norsk.
Krav til studierett
Opptak til studiet erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk.
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert ei samling for seminar i 5., 6., og 7., semester.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

På samlingane skal studantane leggje fram eksempel på progresjon i arbeidet med masteroppgåva og gi og få respons på arbeidet. Frammøte til samlingane er obligatorisk.

Masteroppgåva skal etter fritt val skrivast på nynorsk eller bokmål. Minst ein skriftleg eksamen i kursdelen skal skrivast på den målforma som ikkje er brukt i masteroppgåva. Studentane skal ved innlevering av masteroppgåva dokumentere at dei har levert skriftlege arbeid på begge målformene i løpet av masterstudiet.

Det er obligatorisk med rettleiing på masteroppgåva, og studenten må skrive kontrakt med ein rettleiar i starten av det semesteret når arbeidet med sjølve masteroppgåva tek til.

Vurderingsformer

Masteroppgåve på 70-110 sider med justerande munnleg eksamen.

Instituttet reknar at ei normalside har om lag 2000 teikn eller 350 ord. Ulike vedlegg kan kome i tillegg til dette sidetalet. Slike vedlegg kan omfatte tabellar, korpusoversikter, avskrifter av primærkjelder og anna grunnlagsmateriale. Eit stutt samandrag av innhaldet på engelsk og norsk skal takast med i oppgåva.

Samandraget skal innehalde opplysningar om namnet på forfattaren og tittel på oppgåva, kortpresentasjon av emnet, kva materiale oppgåva byggjer på( primærmateriale og eventuelt dei viktigaste sekundærkjeldene) problemstillingar og metode/tilnærmingsmåte, disposisjon av stoffet, og til slutt konklusjonen og resultatet som oppgåva legg fram.

Etter at oppgåva er godkjend og evaluert, blir det halde ein munnleg eksamen som består av ein diskusjon omkring masteroppgåva, der studenten kan drøfte oppgåva med sensorane, svare på kritiske merknader og gjere greie for metode og/ eller faghistorisk profil i oppgåva.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår, 8. semester.
Litteraturliste
-
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studenten bør ha med seg masteroppgåva til munnleg eksamen.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium