Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Norsk 1, modul A. Nordisk litteratur 1: Tekstkunnskap og sjangerforståing

Beskrivelse

NORSK621 er det første av to emne som inngår i vidareutdanningstilbodet NORSK 1, 8. - 13. trinn

Mål og innhold

Emnet har to hovudtema: tekstkunnskap og sjangerforståing.

For det første skal studenten utvikle eigen kunnskap og kompetanse på norske og nordiske tekstar i ulike sjangrar frå 1900 til i dag. Emnet tek opp grunnleggande litteraturteoretiske tilnærmingsmåtar og analytiske reiskapar for lesing og tolking.

I tillegg skal studenten utvikle ferdigheiter i å bruke tekstkompetansen i eiga undervisning. Det inneber at tekstane blir sette inn i ein litteraturdidaktisk samanheng der kjennskap til læreplanar og kompetansemål står sentralt. Arbeid med eit breitt utval tekstar dannar utgangspunkt for refleksjon om tilpassa opplæring i norskfaget.

Læringsutbyte

Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap: Kandidaten

  • har god kunnskap om norsk litteratur frå 1900 og fram til i dag
  • har god kunnskap om sjangermangfald, teksttypar og mediehistoriske endringar etter 1900
  • har god kunnskap om sentrale og aktuelle tematikkar som litteraturen problematiserer
  • har god kunnskap om læreplanane for norskfaget, med vekt på kompetansemål som rører ved litteratur og tekstkultur
  • har god innsikt i korleis praktiske og teoretiske litterære læringsprosessar kan støttast i undervisning, både fagspesifikt og i oppøvinga av grunnleggande ferdigheiter

Dugleik: Kandidaten

  • kan bruke dei faglege og fagdidaktiske kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigne analysar, drøftingar og vurderingar av litteratur
  • kan bruke kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigen yrkespraksis
  • kan skape gode norskfaglege undervisningsaktivitetar med utgangspunkt i læreplanar og eigen kunnskap
  • kan bruke sentrale fagomgrep både i eigne tekstar og i tolkingsog formidlingsarbeid
  • kan reflektere om og drøfte tilhøvet mellom lærings- og undervisningsmåtar i litteratur, og om eigen yrkespraksis
  • kan skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt

Generell kompetanse: Kandidaten

  • har innsikt i oppdatert forsking på nyare norsk tekst- og sjangerutvikling
  • kan reflektere over litteratur- og sjangerspørsmål i eit danningsperspektiv
  • har innsikt i norskfaget si rolle i skulen og samfunnet

Undervisning

Tre samlingar på to dagar (om lag 12 timar) kvar med varierte undervisningsformer.

Nettbasert førebuings- og etterarbeid

Rettleiing på oppgåver

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Levering av tre individuelle oppgåver innan fastsette fristar i samband med samlingane. Ei av oppgåvene skal vere knytt til bruk av IKT i undervisninga.

Deltaking i arbeidet med munnlege emne på samlingar

Begge målformer skal vere representerte i oppgåvene

Vurdering / eksamen

Skoleeksamen på 6 timar

Målform vert bestemt ved loddtrekking. I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala: A-F

Opptaks- og forkunnskapskrav

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanning.

Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkar er tilsett i skolen men må ha godkjend pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava

Kontakt

Kontakt

UiB Videre
55 58 20 40

videre@uib.no

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

55 58 24 28

studieveileder@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    19.11.2020, 09:00
    Varigheit
    7 timer
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen

Tilgjengelege kurs

Haust 020
Pris: Ikkje studieavgift
Søknadsfrist: Frist utløpt