Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Norsk 1, modul B. Nordisk språk 1: Moderne språk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNORSK622
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og ev. dansk og svensk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har tre hovudtema: grammatikk, språkbruk og andrespråkslæring.

Desse temaa blir studerte med eit dobbelt siktemål. På den eine sida skal studenten utvikle eigen kunnskap og innsikt på det språkvitskaplege området.

På den andre sida skal studenten utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for språklæringa til elevane.

Sentrale fagdidaktiske moment i studiet som heilskap er kjennskap til læreplanar, kompetansemål, undervisning i grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering av læringsutbytte, bruk av digitale verktøy i undervisninga og refleksjon omkring eigen læringsprosess og eigen undervisningspraksis.

Læringsutbyte

Ein student som har gjennomført emnet, skal ha dette læringsutbytet:

Kunnskap: Kandidaten

  • har god kunnskap om norsk grammatikk (korleis ord og setningar er bygde opp)
  • har god kunnskap om den språklege oppbygginga av tekstar (bådeinnhald og form)
  • har god kunnskap om norsk som andrespråk (innlærarspråk og andrespråkslæring)
  • har god kunnskap om læreplanane for norskfaget, med vekt på kompetansemål som rører ved språkstruktur, tekststruktur og språklæring
  • har god innsikt i korleis språklege læringsprosessar kan fremjast i opplæringa, både fagspesifikt og i utviklinga av grunnleggande ferdigheiter

Dugleik: Kandidaten

  • kan bruke kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigne analysar, drøftingar og vurderingar av språkleg materiale
  • kan bruke kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigen yrkespraksis
  • kan reflektere over innhaldet i faget, og drøfte tilhøvet mellom lærings- og undervisningsmåtar i norsk språk, også knytt til eigen yrkespraksis
  • kan skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt

Generell kompetanse: Kandidaten

  • har innsikt i norsk språk som forskingsfag og undervisningsemne og tilhøvet mellom dei
  • har innsikt i grammatikk, tekststruktur og andrespråkslæring frå eit danningsperspektiv
  • har innsikt i norskfaget si rolle i skulen og samfunnet

Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.  

Krav til studierett

Emnet er ope for dei som har fått opptak gjennom Kontor for etter- og vidareutdanning

Arbeids- og undervisningsformer

Tre samlingar på to dagar (om lag 12 timar) kvar med varierte undervisningsformer.

Nettbasert førebuings- og etterarbeid

Rettleiing på mappeoppgåver 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Levering av utkast til mappeoppgåver innan fastsette fristar. Sjå vidare under punktet om vurdering.

Vurderingsformer

Mappevurdering med tre oppgåver på ca. 2000 ord kvar. Oppgåvene blir gitt av faglæraren.

  • ei oppgåve med grammatisk tema, skriven på bokmål
  • ei oppgåve med tema om språkbruk, skriven på nynorsk
  • ei oppgåve med tema om andrespråkslæring, skriven på bokmål

Éi av oppgåvene skal vere slik at ho føreset arbeid med utprøving av ny disiplinfagleg og fagdidaktisk kunnskap og med kunnskapsdeling i eige kollegium.

Ved karaktersettinga tel kvar oppgåve 1/3.

I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala

Karakterskala A - F

Litteraturliste

Pensumet skal svare til ca. 1000 sider av normal vanskegrad. 

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Kontakt

Kontaktinformasjon

evu@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    20.09.2019, 13:00
    Trekkfrist
    06.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen