Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Norsk 2, modul A. Nordisk språk 2: Språkhistorie og talemål

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeNORSK623
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og ev. dansk og svensk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har tre hovudtema: språkhistorie, talemål og sosiolingvistikk.

Desse temaa blir studerte med eit dobbelt siktemål. På den eine sida skal studenten utvikle eigen kunnskap og kompetanse på det språkvitskaplege området.

På den andre sida skal studenten vidareutvikle den språkdidaktiske kompetansen sin.

Sentrale fagdidaktiske moment i studiet som heilskap er kjennskap til læreplanar, kompetansemål, undervisning i grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering av læringsutbytte, bruk av digitale verktøy i undervisninga og refleksjon omkring eigen læringsprosess og eigen undervisningspraksis.

Læringsutbyte

Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap: Kandidaten

  • har god kunnskap om norsk språkhistorie frå norrønt til moderne norsk
  • har god kunnskap om forskjellar og likskapar mellom dei nordiske språka
  • har god kunnskap om geografisk språkleg variasjon
  • har god kunnskap om sosial språkleg variasjon
  • har god kunnskap om læreplanane for norskfaget, med vekt på kompetansemål som rører ved språkhistorie og geografisk og sosial språkvariasjon
  • har god innsikt i korleis praktiske og teoretiske språklege læringsprosessar kan støttast i undervisning, både fagspesifikt og i oppøvinga av grunnleggande ferdigheiter

Dugleik: Kandidaten

  • kan bruke kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigne analysar, drøftingar og vurderingar av språkleg materiale
  • kan bruke kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigen yrkespraksis
  • kan reflektere om og drøfte tilhøvet mellom lærings- og undervisningsmåtar i norsk språk, og om eigen yrkespraksis
  • kan skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt

Generell kompetanse: Kandidaten

  • har innsikt i norsk språk som forskingsfag og undervisningsemne og tilhøvet mellom dei
  • har innsikt i kunnskap om språkhistorie og talemål frå eit danningsperspektiv
  • har innsikt i norskfaget si rolle i skulen og samfunnet

Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.  

30 studiepoeng i Norsk 1 med både språk og litteratur (eller tilsvarande) 

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for dei som har fått opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er konsentrert til samlingar på to dagar og kombinerer førelesingar med seminar.

Nettbasert undervisning.

Rettleiing på oppgåve.

Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Levering av ei oppgåve innan fastsett frist, på nynorsk

Oppgåva skal vere slik at ho føreset pedagogisk bruk av IKT.

Vurderingsformer

Heimeeksamen på sju dagar

Målform vert bestemt ved loddtrekking.

I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Karakterskala A - F

Fagleg overlapp

 

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Pensumet skal svare til ca. 1000 sider av normal vanskegrad. 

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    16.03.2021, 13:00
    Innleveringsfrist
    23.03.2021, 13:00
    Trekkfrist
    02.03.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen