Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Norsk 2, modul B. Nordisk litteratur 2: Teksthistorie og kulturutvikling

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNORSK624
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og ev. dansk og svensk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har to hovudtema: teksthistorie og kulturutvikling.

Begge desse temaa blir studerte med omsyn til det litteraturfaglege og det litteraturdidaktiske. Emnet tek for seg litteratur frå mellomalderen til nyare tid. Emnet skal gje ei solid litteraturhistorisk innføring som knyter litterære tekstar til sosiale, kulturelle, idéhistoriske og biografiske tilhøve. Emnet skal også bidra til refleksjon omkring litteraturhistoriografien, slik at ein ser litteraturhistoria si framstilling av periodar, kontinuitet og brot som uttrykk for pedagogiske grep og ideologiske strategiar. Emnet fokuserer på litterære klassikarar og deira plass i norskfaget med særleg vekt på historiske perspektiv og litteraturhistorigrafi.

Kjennskap til norskfagets historie og refleksjon omkring eigen undervisningspraksis er sentrale fagdidaktiske moment i emnet.

Læringsutbyte

Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap: Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om eldre norsk og nordisk litteratur
  • har god innsikt i litteratur- og kulturhistoriske problemstillingar
  • har god kunnskap om læreplanane for norskfaget, med vekt på kompetansemål knytte til litterære og historiske perspektiv
  • har kunnskap om lesing i eit sosiohistorisk perspektiv

Dugleik: Kandidaten

  • kan lese og tolke eldre tekstar i ulike sjangrar og skrive sjølvstendige kommentarar til og analysar av desse
  • kan setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
  • kan reflektere omkring skiljet skjønnlitteratur-sakprosa, særleg former for sakprosa som er nærskylde til skjønnlitteraturen, som til dømes essay, talar og brev
  • kan reflektere over lesingas historie og utvikle elevars lesekompetanse i kulturelt og kompetanseorientert perspektiv

Generell kompetanse: Kandidaten

  • har forskingsbasert innsikt i norskfagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv
  • har kunnskap om teksthistorie frå eit danningsperspektiv
  • kan sjå norskfaget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
  • har innsikt i norskfaget si rolle i skolen og samfunnet

Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.   

30 studiepoeng i Norsk 1 med både språk og litteratur (eller tilsvarande)

Krav til studierett

Emnet er ope for dei som har fått opptak gjennom Kontor for etter- og vidareutdanning 

Arbeids- og undervisningsformer

Tre samlingar på to dagar (om lag 12 timar) kvar med varierte undervisningsformer.

Nettbasert førebuings- og etterarbeid

Rettleiing på oppgåver 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Levering av tre oppgåver innan fastsette fristar i samband med samlingane.

Ei av oppgåvene skal ta opp arbeidet med teksthistoriske perspektiv i klasserommet, og skal innebere kunnskapsdeling i eige kollegium.

Begge målformer skal vere representerte i oppgåvene.

Vurderingsformer

Heimeeksamen på sju dagar

Målform vert bestemt ved loddtrekking.

I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.  

Karakterskala

Karakterskala A - F 

Litteraturliste

Pensumet skal svare til ca. 1000 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Kontakt

Kontaktinformasjon

evu@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    26.09.2019, 13:00
    Trekkfrist
    12.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen