Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Nordisk: Moderne språk (Fjernord)

Beskrivelse

Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt i studiet av moderne norsk brukt som første- og andrespråk. Det skal byggje opp ein grunnstamme av kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i bokmål.

Kurset inngår som eitt av fire emne i det toårige deltidsstudiet i nordisk språk og litteratur - Fjernord. Du vel sjølv om du vil ta berre dette emnet eller alle fire emna.

Nordisk: Moderne språk har fire hovudtema:

1) moderne norsk grammatikk, dvs. morfologi (ordoppbygning) og syntaks (setningsoppbygning), både bokmål og nynorsk

2) ordkunnskap (særleg ordbetydning)

3) tekstkunnskap

4) moderne skriftspråkshistorie frå 1800-talet til moderne bokmål og nynorsk

For meir informasjon om mål og innhald, sjå emnebeskrivelsen.  

Målgruppe

Viss du tek alle fire emna som inngår i Fjernord får du kompetanse til å undervise i norsk i skulen. Kunnskapar om nordisk språk og litteratur er også aktuelt for deg som arbeider med språk og litteratur i andre yrke.

Undervisning

Nordisk: Moderne språk er eit deltidsstudium over eitt semester. Hovedtyngda av undervisninga er nettbasert, supplert med to studiesamlingar ved UiB.

Studiesamlingar våren 2020:
15. - 16. februar
18. - 19. april

Laurdag 09.15 - 19.00, søndag 09.15 - 15.00


Vurdering / eksamen

Heimeeksamen over 7 dagar, med omfang 2500-3000 ord, som skal skrivast på bokmål.
Innleveringsfrist våren 2020: 29. mai

Du skal i tillegg levere inn ei obligatorisk innleveringsoppgåve på inntil 500 ord, som også skal skrivast på bokmål.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkjarar over 25 år vert tekne opp på grunnlag av realkompetanse eller generell studiekompetanse, som du ikkje treng dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse.

Du lastar opp eventuell dokumentasjon samstundes som du søker plass.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

Spørsmål om fagleg innhald:

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
fjernord@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    21.05.2020, 13:00
    Innleveringsfrist
    29.05.2020, 13:00
    Trekkfrist
    07.05.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs