Nordisk: Moderne språk (Fjernord)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt i studiet av moderne norsk brukt som første- og andrespråk. Det skal byggje opp ein grunnstamme av kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i bokmål.

Innhald:

Emnet har to hovudtema: grammatikk (morfologi og syntaks) og ordkunnskap. I tillegg kjem mindre innslag av fonetikk/fonologi og tekstkunnskap.

Desse temaa har vinkling mot norsk både som førstespråk og andrespråk. Norsk språk blir studert som sjølvstendig system, men det blir òg sett inn i typologisk samanheng med tanke på korleis det liknar på og skil seg frå andre språk, og kva særtrekka betyr i innlæring av norsk som andrespråk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om artikulatorisk fonetikk og om norsk fonologi
  • har brei og god kunnskap om moderne norsk grammatikk (morfologi og syntaks) og metodar for morfologisk og syntaktisk analyse
  • har god kunnskap om ordbetydning og strukturen i ordtilfanget
  • har kunnskap om språklege drag ved tekstar
  • har noko kunnskap om likskapar og skilnadar mellom norsk og andre språk, særleg innanfor grammatikken (morfologi og syntaks)
  • har noko kunnskap om andrespråkslæring, innlærarspråk og utfordringar i læring av norsk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale
  • skriv korrekt og godt bokmål

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre faglege oppgåver under rettleiing og formidle resultata skriftleg
  • kan finne, vurdere og referere til relevant faglitteratur
  • har innsikt i etiske problemstillingar knytte til handsaminga av språkleg materiale
  • kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk språk og om norsk som andrespråk

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår, «partalsår»

Undervisningsstad

Bergen og nettbasert undervisning
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ex.fac. Språk og kommunikasjon eller tilsvarande. Gode ferdigheiter i skriftleg bokmål.
Studiepoengsreduksjon
Det er full overlapping med NOSP102 og NOSPAN101.
Krav til studierett
Studenten må vere oppteken til NOSP102-F (Vidareutdanning).
Arbeids- og undervisningsformer

Éi eller to helgesamlingar med førelesingar og oppgåvearbeid.

Nettbasert undervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei innleveringsoppgåve på bokmål på inntil 500 ord. Det blir gitt skriftleg tilbakemelding på innhald og språkføring.
Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein heimeeksamen på seks timar. I tillegg kjem ein time teknisk tid. Eksamenssvaret skal skrivast på bokmål.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar
Vurderingssemester
Vår i «partalsår» og haust i «partalsår»
Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk og norsk som andrespråk.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. januar.

Emneevaluering
Emnet blir evaluert kvar gong.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium