Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Nordisk: Språkhistorie og talemål (Fjernord)

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haustsemesteret i «partalsår»

Undervisningsstad

Bergen og nettbasert undervisning

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt for studiet av norsk som eit resultat av historisk utvikling og geografisk og sosial variasjon i moderne norsk. Norsk skal òg studerast i samanlikning med dei andre nordiske språka (dansk, færøysk, islandsk, norsk og svensk). Emnet skal bidra med kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i nynorsk.

Innhald:

Emnet har tre hovudtema:

(1) norsk språkhistorie frå urnordisk til moderne talemål

(2) geografisk og sosial talemålsvariasjon med talemålsgrammatikk og -fonologi

(3) andre nordiske språk, særleg dansk og svensk

Studiet av språkhistoria skal gi innsikt i språkutvikling generelt og framveksten av moderne norsk spesielt. Det omfattar eit mindre studium av norrønt språk som bakgrunn for å forstå dei seinare utviklingane.

Studiet av dei andre nordiske språka skal gi oversyn over grunnleggande språkhistorie og noverande språktilhøve og over forskjellar og likskapar mellom språka, særleg dansk og svensk i forhold til norsk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om den lydlege, grammatiske, leksikalske og skriftlege utvikling av norsk frå urnordisk og fram til i dag
  • har brei kunnskap om variasjonen i moderne norske talemål
  • har grunnleggande kunnskap om dei andre nordiske språka, særleg dansk og svensk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale
  • kan omsetje ukjend tekst frå dansk og svensk til norsk og kommentere grammatiske og leksikalske utfordringar i omsetjinga
  • skriv korrekt og god nynorsk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre avgrensa faglege oppgåver og formidle resultata skriftleg
  • kan finne, vurdere og referere til relevant faglitteratur
  • har innsikt i etiske problemstillingar knytte til handsaminga av språkleg materiale
  • kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk i historisk lys og om norsk talemål og uttale

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ex.fac. Språk og kommunikasjon eller tilsvarande. Gode ferdigheiter i skriftleg nynorsk.

Studiepoengsreduksjon

Det er full overlapping med NOSP103, 10 studiepoengs overlapping med NOSP105 og 5 studiepoengs overlapping med NOSP106.

Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til NOSP103-F (Vidareutdanning).

Arbeids- og undervisningsformer

Éi eller to helgesamlingar med førelesingar og oppgåvearbeid.

Nettbasert undervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve på nynorsk på inntil 500 ord. Det blir gitt skriftleg tilbakemelding på innhald og språkføring.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein heimeeksamen på seks timar. I tillegg kjem ein time teknisk tid. Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala

Bokstavkarakterar

Vurderingssemester

Haust i «partalsår» og vår i «oddetalsår».

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert kvar gong.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her: evu@lle.uib.no

Eksamensadministrasjon: evu@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    21.12.2022, 09:00
    Innleveringsfrist
    21.12.2022, 16:00
    Trekkfrist
    05.12.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen