Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Nordisk: Språkhistorie og talemål

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt for studiet av norsk som eit resultat av historisk utvikling og geografisk og sosial variasjon i moderne norsk. Emnet skal bidra med kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i nynorsk.

Innhald:

Emnet har to hovudtema:

(1) norsk språkhistorie frå urnorsk til moderne norsk

(2) grammatisk, geografisk og sosial talemålsvariasjon

Studiet av språkhistoria skal gi innsikt i språkutvikling generelt og framveksten av norsk spesielt, både dialektane og målformene bokmål og nynorsk. Det omfattar eit mindre studium av norrønt språk som bakgrunn for å forstå dei seinare utviklingane.

Studiet av talemål skal gi oversyn over grammatisk, geografisk og sosial variasjon i talt norsk og bidra til ei forståing av dialektar og sosiolektar som språkleg likeverdige med dei offisielle målformene bokmål og nynorsk.

Emnet testar studentane sine nynorskferdigheiter og tilbyr nynorskkurs til dei som ikkje meistrar målforma tilfredsstillande.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

- har brei kunnskap om utviklinga av skrift og tale i Noreg frå urnorsk til i dag

- har brei kunnskap om den grammatiske, geografiske og sosiale variasjonen i moderne norske talemål.

Ferdigheiter

Studenten

- kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale

- kan bruke elektronisk programvare til å skrive tekstar der det trengst særlege norrøne og fonetiske skriftteikn

- skriv korrekt og god nynorsk

Generell kompetanse

Studenten

- kan gjennomføre avgrensa faglege oppgåver og formidle resultata skriftleg

- kan finne, vurdere og referere til relevant faglitteratur

- har innsikt i etiske problemstillingar knytte til handsaminga av språkleg materiale

- kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk i historisk lys og om norsk talemål og uttale

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ex.fac. Språk og kommunikasjon eller tilsvarande. NOSPAN101 eller tilsvarande. Gode ferdigheiter i skriftleg nynorsk. 

Studiepoengsreduksjon

Emnet har full overlapping med NOSP103-L og 10 studiepoeng overlapping med NOSP103 og NOSP103-F.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformene er førelesingar og oppgåveseminar.

Førelesingar: ca. 36 timar.

Oppgåveseminar: ca. 36 timar. Her arbeider studentane med oppgåver i tilknyting til undervisningsstoffet

Undervisninga blir vanlegvis fordelt med 4 timar førelesing og 4 timar oppgåveseminar i veka, men andre fordelingsmåtar kan òg førekomme. Førelesingar og oppgåveseminar kan vere fletta saman, slik at dei ikkje nødvendigvis er skilde i timeplanen.

Nynorskkurs: ca. 16 timar. Deltaking er sterkt tilrådd for studentar med svake ferdigheiter i skriftleg nynorsk.

I visse delar av semesteret er det mindre undervisning, og det er ikkje undervisning når studentar på lektorutdanningane er i praksis.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei oppgåve på inntil 1000 ord. Det blir gitt tilbakemelding på oppgåva. Oppgåva skal skrivast på nynorsk.

Ei oppgåve som ikkje tilfredsstiller faglege og språklege minimumskrav, må leverast på nytt. Ved andre gongs levering må minimumskrava vere tilfredsstilte for at den obligatoriske aktiviteten skal bli godkjend.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisingssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein skriftleg heimeeksamen på fire dagar: frå måndag 13:00 til til fredag 13:00.

Eksamenen har fleire deloppgåver der minst to av hovudtemaa (sjå Mål og innhald) er dekte.

Eksamenen skal skrivast på nynorsk og vere på 3500 - 4000 ord.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med heimeeksamen har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust. Der er og vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 650 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Institutt

 Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    27.11.2019, 13:00
    Innleveringsfrist
    04.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    13.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen