Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Nordisk: Den nordiske språkgreina

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane kunnskap om likskapar og skilnadar mellom dei nordiske språka (dansk, færøysk, islandsk og svensk, i tillegg til norsk) i fortid og notid. Eitt av språka blir studert grundigare enn dei andre.

Innhald:

Emnet har to hovudtema:

(1) nokre hovuddrag av grammatikk, uttale, ordtilfang, språkhistorie og språkpolitikk for dansk, færøysk, islandsk og svensk, med norsk som samanlikningsgrunnlag. (2) fordjuping i enten dansk, færøysk, islandsk eller svensk, med lesing og omsetting av prosatekstar og bruk av nettbasert ordbok. Lengda på prosatekstane vert tilpassa den språklege avstanden mellom norsk og fordjupingsspråket, med kortare tekstar på islandsk og færøysk enn på svensk og dansk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

- har grunnleggande kunnskap om grammatikk, uttale, ordtilfang, språkhistorie og språkpolitikk for dansk, færøysk, islandsk og svensk, og noko meir inngåande kunnskap om eitt av språka

Ferdigheiter

Studenten

- kan omsette ukjend prosatekst av moderat vanskegrad frå det språket som ein fordjupar seg i, til norsk med hjelp av ordbok og kommentere grammatikk og ordtilfang

Generell kompetanse

Studenten

- kan utveksle synspunkt om og vurderingar av språk og språktilhøve i Norden

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ex.fac. Språk og kommunikasjon eller tilsvarande. Gode ferdigheiter i skriftleg nynorsk.  

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fullt faglig overlapp vert studiepoenguttellinga for NOSP106 redusert med 5 studiepoeng om det vert kombinert med NOSP103 og NOSP103-F

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformene er (1) førelesingar og (2) oppgåveseminar der studentane arbeider med oppgåver i tilknyting til undervisningsstoffet. Det er sterkt tilrådd at studentane møter til førelesingane og deltek på seminara.

Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein heimeeksamen på 2 dagar.

Eksamenen har minst to deloppgåver.

Eksamenen skal skrivast på nynorsk og skal vere på ca. 2000 ord.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 350 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    23.11.2020, 13:00
    Innleveringsfrist
    25.11.2020, 13:00
    Trekkfrist
    09.11.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen