Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Nordisk: Språkleg fordjupingsemne A med BA-oppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNOSP256
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk, ev. dansk og svensk.

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen. 

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på grunn-nivået.

Innhald:

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gi tilbod om fordjuping i til dømes morfologi, syntaks, fonologi, semantikk, språkhistorie, språkleg variasjon, språkleg tekstanalyse, namnegransking, leksikologi, leksikografi, austnordisk, vestnordisk osv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har solid kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
  • har kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskapen frå feltet i språklege undersøkingar av avgrensa omfang
  • kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
  • kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
  • skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
  • kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
  • kan tileigne seg ny kunnskap på høgt fagleg nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

NOSPAN101, NOSP105 og NOSP106 (eller NOSP102 og NOSP103(-L)) eller tilsvarande emne i nordisk språk på minst 25 studiepoeng.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga tilsvarar éin dobbeltime førelesing i veka i 13 veker, men kan bli fordelt annleis.

Undervisninga har delvis seminarform. Undervisningsopplegget har som føresetnad at studentane er til stades og deltek aktivt.

Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva to gonger til fastsette fristar. Det første utkastet må vere på minst 500 ord og det andre på minst 2000 ord. Utkasta må ikkje vere lengre enn 5000 ord.

Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Rettleidd semesteroppgåve (BA-oppgåve). Semesteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid av avgrensa omfang. Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Skriftleg eksamen på to timar (ein breiddetest med fleire deloppgåver).

Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og den skriftlege eksamenen. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den skriftlege eksamenen 40 %.

Målforma på semesteroppgåva og den skriftlege eksamenen blir fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel på den skriftlege prøva.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Vår. Der er og vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klare innan 1. desember.

Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    09.09.2019
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      30.09.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen