Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Nordisk: Språkleg fordjupingsemne med BA-oppgåve

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på grunn-nivået.

Innhald:

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gi tilbod om fordjuping i til dømes morfologi, syntaks, fonologi, semantikk, språkhistorie, språkleg variasjon, språkleg tekstanalyse, namnegransking, leksikologi, leksikografi, austnordisk, vestnordisk osv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har solid kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
  • har kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskapen frå feltet i språklege undersøkingar av avgrensa omfang
  • kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
  • kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
  • skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
  • kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
  • kan tileigne seg ny kunnskap på høgt fagleg nivå

Tilrådde forkunnskapar

NOSPAN101, NOSP105 og NOSP106 (eller NOSP102 og NOSP103(-L)) eller tilsvarande emne i nordisk språk på minst 25 studiepoeng.

Krav til studierett

Emnet er berre ope for studentar med studierett på lektorutdanning med master i framandspråk, historie eller religionsvitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studentane følgjer undervisninga på NOSP256, som tilsvarar éin dobbeltime førelesing i veka i 13 veker, men kan bli fordelt annleis.

Studentar på utanlandsopphald får nettbasert oppfølging.

Undervisninga har delvis seminarform. Undervisningsopplegget har som føresetnad at studentane er til stades og deltek aktivt.

Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva to gonger til fastsette fristar. Det første utkastet må vere på minst 500 ord og det andre på minst 2000 ord. Utkasta må ikkje vere lengre enn 5000 ord.

Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

 På emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • Rettleidd semesteroppgåve (BA-oppgåve). Semesteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid av avgrensa omfang. Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala

 Greidd/Ikkje greidd

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Pensumet er på om lag 650 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.

Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon