Hjem
Studentsider
Masteremne

Nordisk: Språkleg masteremne A

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette emnet vil ha varierande innhald avhengig av undervisningsressursane og -interessene i fagmiljøet. Fokuset vil normalt liggje på tema og disiplinar som det ikkje er rom for i dei andre emna som vert tilbodne i nordisk språk. Tema som knyter nordisk språk til grannedisiplinar, kan òg vere aktuelle. Emnet byggjer, i varierande grad, på kunnskapar og dugleik frå dei språklege emna på bachelornivå og fører desse vidare, slik at studentane får ein fordjupa kjennskap til dei språklege og språkrelaterte fenomena og teoretiske tilnærmingar til dei.

Tema våren 2021 Nordiske arvespråk i Nord-Amerika

Mellom 1825 og 1920 utvandret over 800 000 mennesker fra Norge til USA og Canada. Femti år senere eller rundt 1875 og fram til 1914 utvandret rundt 20 000 islendinger til Canada, men også til deler av USA. Dette utgjorde nesten en fjerdedel av den islandske nasjonen. Den dag i dag lever det etterkommere av disse utvandrerne som snakker norsk og islandsk som arvespråk, eller amerikanorsk og vestislandsk (`vesturíslenska`). Disse etterkommerne har lært norsk og islandsk som morsmål hjemme, men har levd utenfor språksamfunnet i disse landene. Som voksne er de tospråklige, men bruker mest engelsk, selv om det var dette språket de lærte senest. Hvordan endrer norsken og islandsken seg under slike forutsetninger, og ble norsk og islandsk forandret på forskjellig måte?

Dette kurset handler om nordiske arvespråk i Nord-Amerika, med hovedvekt på norsk og islandsk. Fokuset vil være på språkstruktur, særlig morfologi og syntaks, men også fonologi og ordtilfang. Vi skal, blant annet, studere språkendringer som gjør norsk og islandsk i Nord-Amerika annerledes fra varietetene som snakkes i Norge og på Island. Dette handler om langt mer enn direkte påvirkning («transfer») fra engelsk. For eksempel sier en del norsk-amerikanere «portrettmaskin» istedenfor «kamera», og «luftskip» istedenfor «fly», og følgende nydanninger finner man i vestislandsk: «ljóshús» istedenfor «viti» (fyrtårn) og «yfirskór» istedenfor «skóhlífar» (kalosje).

Kurset er forskningsnært, og studentene vil bli kjent med korpusressurser som de kan bruke til egne undersøkelser.

Kurset gir et nytt perspektiv på de nordiske språkene, og det passer samtidig svært godt for studenter som er interesserte i flerspråklighet, språkkontakt og språkendring.

Læringsutbyte

Når emnet er gjennomført, skal studenten kunne nytte kunnskapar og dugleik til å greie ut om, analysere og drøfte språklege fenomen og teoretiske tilnærmingar til dei tematiserte språklege og språkrelaterte fenomena som har vore handsama. Studenten skal vere i stand til å gjennomføre tematisk relevante undersøkingar og analysere og drøfte resultata av dei.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

Undervisninga er felles med NOSP212. Ettersom innhaldet på dette emnet og NOSP212 Språkleg fordjupingsemne kan variere, er det mogleg å ta begge emna i ulikt semester. Ein føresetnad er at pensumet på dette emnet ikkje overlappar med det på NOSP212. Av denne grunnen må kvar student levere pensumliste, som eventuelt kan avvike i varierande grad frå den som undervisninga tek utgangspunkt i.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar. Undervisninga blir typisk konsentrert til todagars samlingar, med nettbasert støtte mellom samlingane.

Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.

Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere og få godkjend pensumliste.

Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen på 6 timar til seks timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Ingen andre hjelpemiddel er tillatne enn slike som vert delte ut saman med eksamensoppgåva.

Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen andre hjelpemiddel er tillatne enn slike som vert gitt ut saman med eksamensoppgåva.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Pensumet skal tilsvare om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klare innan 1. desember. Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    10.05.2021, 09:00
    Varigheit
    7 timer
    Trekkfrist
    26.04.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen