Hjem
Studentsider
Masteremne

Nordisk: Språkleg masteremne B

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.

Innhald:

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gi tilbod om fordjuping i til dømes morfologi, syntaks, fonologi, semantikk, språkhistorie, språkleg variasjon, språkleg tekstanalyse, namnegransking, leksikologi, leksikografi, austnordisk, vestnordisk osv.

 Tema haust 2020: Ordkunnskap og norsk ordboksarbeid

Éi av grunnbøkene i emnet har undertittelen Ei innføring i leksikologi og leksikografi. Det kunne ha vore namnet på emnet òg. Leksikologi er det språkvitskaplege studiet av ord, både semantiske og grammatiske eigenskapar. Leksikografi kan sjåast på som anvendt leksikologi og handlar om utforming av ordbøker som gjer greie for dei semantiske og grammatiske eigenskapane til orda. Leksikografien byggjer såleis på leksikologien.

Ved Universitetet i Bergen har norsk leksikografi vorte eit satsingsfelt sidan redaksjonane for Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok ¿ ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet er lagde hit. Leksikografi er eitt av tre språkvitskaplege forskingsfelt som er særleg framheva i samband med at regjeringa i 2020 har lagt fram språklova. Eit anna er terminologi.

Emnet Ordkunnskap og norsk ordboksarbeid har tre grunnbøker. Den som er nemnd innleiingsvis, har hovudtittelen Ord og ordbøker og er skriven av Ruth Vatvedt Fjeld og Lars S. Vikør. Den andre halvdelen av boka er ei innføring i leksikografi og tek opp tema som ordboksstruktur, utval av ord, utforming av ordboksartiklar, definisjonar m.m. Denne delen byggjer på den leksikologiske førstedelen. Dei to andre grunnbøkene utdjupar kvar sin del av leksikologien. Lexical meaning av M. Lynne Murphy og handlar om betydning generelt og betydningsrelasjonar som polysemi, synonymi, antonymi, hyponymi og meronymi, og ho tek opp betydningsproblematikk som er knytt til kvar av dei store opne ordklassane (substantiv, verb og adjektiv). The grammar of words av Geert Booij handlar om orddanning (avleiing og samansetting), bøying og samspelet mellom morfologi og hv. syntaks og semantikk.

I tillegg til grunnbøkene omfattar emnet nokre kortare tekstar. Nokre går nærmare inn på spesifikke leksikografiske problemstillingar. To tema som òg blir tekne opp, er fraseologi (faste uttrykk o.l.) og terminologi (fagordssystematikk).

Parallelt med teoristudiet skal vi arbeide med praktiske oppgåver: innhenting av språkleg materiale frå korpus og utforming av utkast til ordboksartiklar som skildrar betydninga og grammatikken til orda.

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

* har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar

* har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

* kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang

* kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy

* kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur

* skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

* kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar

* kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på (1) masterprogram i nordisk språk og litteratur, eller (2) lektorutdanning med master i nordisk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.

Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.

Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).

Undervisninga blir lagd utanom dei vekene då studentar på lektorutdanninga er i langpraksis. I vekene med langpraksis vert det gitt øvingsoppgåver.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å undervise medstudentane i ein utvald del av pensumet (ca. 30 sider). Framlegginga bør gjere bruk av presentasjonsprogramvare og skal ta 15-20 minutt.

Rettleiing på semesteroppgåve.

Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

* Rettleidd semesteroppgåve. Semesteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid av avgrensa omfang.

Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

* Munnleg eksamen

Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og munnleg eksamen. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og munnleg eksamen 40 %.

Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

 

Hausten 2020 blir munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel til munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldige obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni. Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    16.11.2020
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      30.11.2020, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen