Nordisk: Språkleg masteremne B
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeNOSP313
- Talet på semester1
- SpråkNorsk og ev. dansk og svensk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
-
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.
Innhald:
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gi tilbod om fordjuping i til dømes morfologi, syntaks, fonologi, semantikk, språkhistorie, språkleg variasjon, språkleg tekstanalyse, namnegransking, leksikologi, leksikografi, austnordisk, vestnordisk osv.
Tema hausten 2021: Aktuell grammatikkforsking
På dette emnet kjem du i nærkontakt med den nyaste grammatikkforskinga og den ferskaste kunnskapen om nordiske språk. Dei fleste av pensumtekstane er utgitt i tidsrommet 2016-2021, og to er så nye at dei ventar på utgiving.
Emnet kombinerer utvalde tema frå grammatikken i nordiske språk med ei innføring i empirisk språkvitskapleg metode. Grunnboka er skriven av Anatol Stefanowitsch og heiter "Corpus linguistics: A guide to the methodology" (Boka er gratis og kan enkelt lastast ned frå nettet og skrivast ut.) Som tittelen seier, handlar boka om bruk av korpus i språkforskinga. Eit korpus er ei stor samling av autentisk tekst. I vår tid betyr dette i praksis elektroniske samlingar med millionvis av ord, utstyrte med avanserte søkjegrensesnitt.
I undervisninga kjem vi til å bruke ulike slike korpus. Ein vil lære korleis ein søkjer for å finne relevante data, og korleis ein etterbehandlar søkjeresultata. Læreboka inneheld ein del innføring i statistiske tenkjemåtar og metodar, og vi skal arbeide med ein del av det stoffet. Framstillinga av dette er temmeleg lett tilgjengeleg, men vi kjem til å hoppe over nokre tyngre delar uansett. Emnet kjem i alle høve ikkje til å ha fokus på prøving i statistiske ferdigheiter, så det er ikkje noko krav om særlege matematiske innsikter eller interesser.
Vi skal innom ei rekkje grammatiske tema: eit oversyn over norsk orddanning, morfologisk nydanning (ord på "korona-"), utvikling av ein ny kvantor ("masse"), forsterkande forledd (f.eks. "kjempe-", "lyn-"), NPN-uttrykk (f.eks. "år etter år"), pseudokoordinasjon (f.eks. "ligge og sove"), moglege og umoglege suffikskombinasjonar (f.eks "-aktighet", men ikkje *"-hetaktig"), historisk produktivitet (islandsk "-legur"), framtidskonstruksjonar (svensk "ska" vs. "komma att") og proprietive og privative adjektiv (masteroppgåva "Kakerlakkfrie kantiner og hundeløse hjem"). Her kjem vi naturlegvis til å gå inn i dei språkvitskapleg interessante fenomena som er behandla, men vi skal òg ha fokus på dei metodane som er brukte i ei rekkje av tekstane.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
* har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
* har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet
Ferdigheiter
Studenten
* kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang
* kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
* kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
* skriv norsk korrekt og godt
Generell kompetanse
Studenten
* kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
* kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på (1) masterprogram i nordisk språk og litteratur, eller (2) lektorutdanning med master i nordisk.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.
Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.
Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).
Undervisninga blir lagd utanom dei vekene då studentar på lektorutdanninga er i langpraksis. I vekene med langpraksis vert det gitt øvingsoppgåver.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å undervise medstudentane i ein utvald del av pensumet (ca. 30 sider). Framlegginga bør gjere bruk av presentasjonsprogramvare og skal ta 15-20 minutt.
Rettleiing på semesteroppgåve.
Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
På emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
* Rettleidd semesteroppgåve. Semesteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid av avgrensa omfang.
Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
* Munnleg eksamen
Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og munnleg eksamen. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og munnleg eksamen 40 %.
Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel til munnleg eksamen.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldige obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni. Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Semesteroppgåve og munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 14.02.2022
Eksamensdel: Semesteroppgåve
- Innleveringsfrist
- 28.02.2022, 13:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Munnleg eksamen
- Eksamensperiode
- 01.03.2022–04.03.2022