Hjem
Utdanning
Masteremne

Nordisk: Språkleg masteremne C

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNOSP315
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk og ev. dansk og svensk.

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Mål:

Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.

Innhald:

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Innhaldet vil vere av relevans for læraryrket.

Tema vår 2019: Språklig variasjon og endring.

Språklig variasjon og endring er et sosiolingvistisk emne. Sammenhengene mellom samfunnet og språket står sentralt i emnet, og i undervisningen går vi inn på konkrete talemålsendringer, så vel som teorier om hvordan og hvorfor talemål endrer seg. Vi går også inn på emner som språkholdninger og standardtalemål. Det norske språksamfunnet står i fokus i emnet, men vi trekker også inn eksempler fra de andre skandinaviske språksamfunnene og engelskspråklige eksempler, for å sette den norske talemålssituasjonen inn i en større sammenheng.Gjennom kurset får studentene teoretisk kunnskap om sosiolingvistikk, eksempler på ulike sosiolingvistiske forskingsprosjekt og metoder som kan benyttes for å gjennomføre sosiolingvistiske undersøkelser, samt eksempler på hvordan språklig variasjon og endring kan være utgangspunkt for utforskende undervisningsopplegg i skolen. Utfyllende informasjon om arbeids-, undervisningsformer og opplegg for samlingene er tilgjengelig på Mitt UiB fra starten av januar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
  • har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang
  • kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
  • kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
  • skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
  • kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
  • kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogram i nordisk språk og litteratur.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt på tre samlingar på to dagar kvar og kombinerer førelesings- og seminarform. I tillegg er det nettbasert oppfølging.

Undervisningsopplegget har som føresetnad at studentane er til stades og deltek aktivt.

Rettleiing på mappeoppgåver.

Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å skrive eit samandrag av 30¿40 sider pensumstoff. Samandraget skal vere på 1500¿2000 ord og skal delast med dei andre studentane. Studenten vel målform på samandraget sjølv.

Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein mappevurdering med tre tekstar på 1500¿2000 ord kvar. Tekstane kan ha ulike fristar for endeleg levering gjennom semesteret. Fristane vert kunngjorde på Mitt UiB. Det vert sett éin felles karakter på mappa på slutten av semesteret.

Kva målform som skal brukast i mappa, vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med mappa har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.

Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no