Nordisk: Språkleg masteremne C

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.

Innhald:

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Innhaldet vil vere av relevans for læraryrket.

Tema våren 2024: Språk og overtaling

På dette emnet skal vi ta for oss kritisk diskursanalyse med vekt på ulike former for overtaling. Vi skal undersøkja ulike språklege verkemiddel for å framstilla personar, handlingar og saksforhold på visse måtar, og vi skal studera ulike former for argumentasjon.

Emnet består av følgjande hovudkomponentar:

  1. Utvalde tema frå pragmatikk, nærare bestemt teori knytt til kommunikasjon og tolking av bodskap
  2. Argumentasjon
  3. Ordval, inkludert metafor og metonymi
  4. Hedging (`Språkleg sikring¿)
  5. Presupposisjonar (`Implisitte bodskap¿)
  6. Transitivitet (`Framstilling av handlingar¿)

Grunnboka i emnet er skriven av Machin og Mayr og heiter «How to do critical discourse analysis». Her får ein ei innføring i kritisk diskursanalyse, som er eit rammeverk for å undersøkja tekstar med tanke på kva dei eigentleg formidlar, og korleis denne formidlinga skjer.

På pensumlista har vi elles ein del oversiktstekstar pluss ei rekkje artiklar som omhandlar konkrete undersøkingar av ulike språklege og visuelle verkemiddel i alt frå politiske talar, krimjournalistikk, miljøvernkampanjar, legemiddelvedlegg, lærebøker i historie osv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
  • har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang
  • kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
  • kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
  • skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
  • kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
  • kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogram i nordisk språk og litteratur.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt på tre samlingar på to dagar kvar og kombinerer førelesings- og seminarform.

Undervisningsopplegget har som føresetnad at studentane er til stades og deltek aktivt.

Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å presentere ein del av pensumet i undervisninga. To eller tre studentar skal arbeide saman, og kvar presentasjon skal samla vere på maksimalt 20 minutt.
Vurderingsformer

På emnet nyttar ein heimeeksamen på 6 timar.

Målforma på heimeeksamen vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamenen startar. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.

Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium