Moderne norsk
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeNOSPAN101
- Talet på semester1
- SpråkNorsk. Svensk og dansk kan òg bli brukte.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
-
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt i studiet av moderne norsk brukt som første- og andrespråk. Det skal byggje opp ein grunnstamme av kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i bokmål.
Innhald:
Emnet har to hovudtema: grammatikk (morfologi og syntaks) og ordkunnskap. I tillegg kjem mindre innslag av fonetikk/fonologi og tekstkunnskap.
Desse temaa har vinkling mot norsk både som førstespråk og andrespråk. Norsk språk blir studert som sjølvstendig system, men det blir òg sett inn i typologisk samanheng med tanke på korleis det liknar på og skil seg frå andre språk, og kva særtrekka betyr i innlæring av norsk som andrespråk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om artikulatorisk fonetikk og om norsk fonologi
- har brei og god kunnskap om moderne norsk grammatikk (morfologi og syntaks) og metodar for morfologisk og syntaktisk analyse
- har god kunnskap om ordbetydning og strukturen i ordtilfanget
- har kunnskap om nokre sentrale språklege drag ved tekstar
- har noko kunnskap om likskapar og skilnadar mellom norsk og andre språk, særleg innanfor grammatikken (morfologi og syntaks)
- har noko kunnskap om andrespråkslæring, innlærarspråk og utfordringar i læring av norsk
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale
- skriv korrekt og godt bokmål
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre faglege oppgåver under rettleiing og formidle resultata skriftleg
- kan finne, vurdere og referere til relevant faglitteratur
- har innsikt i etiske problemstillingar knytte til handsaminga av språkleg materiale
- kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk språk og om norsk som andrespråk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ex.fac. Språk og kommunikasjon eller tilsvarande. Gode ferdigheiter i skriftleg bokmål.
Studiepoengsreduksjon
Det er full overlapping med NOSP102, NOSP102-F. NORAN101-F og NOSPAN101 har 10 studiepoeng fagleg overlapp.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga består av førelesingar og obligatoriske oppgåveseminar. I seminara arbeider studentane med oppgåver i tilknyting til lærestoffet. Studentane les pensum og ser videoførelesingar i forkant av oppgåveseminara slik at dei har sett seg inn i det aktuelle lærestoffet og kan få utbyte av oppgåvene.
Lågt studenttal
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta på oppgåveseminara. Studenten må vere til stades minst 75 % av tida for å få aktivitetskravet godkjent.
Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
4 dagars heimeeksamen på 3000-4000 ord. Eksamenssvaret skal skrivast på bokmål.
Hjelpemiddel til eksamen
Under arbeidet med heimeeksamen har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk og norsk som andrespråk.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontaktinformasjon
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 09.10.2023, 13:00
- Innleveringsfrist
- 13.10.2023, 13:00
- Trekkfrist
- 25.09.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Digital innlevering, Inspera