Hjem
Studentsider
Masteremne

Klinisk ernæring

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeNUCLI351
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust (1.semester)

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal ha avansert opplæring i klinisk ernæringsbehandling og i arbeidsoppgåvene og rolla til ein klinisk ernæringsfysiolog. Emnet gir avansert opplæring i årsaker, patofysiologi, diagnostikk og behandling av sjukdomsrelatert underernæring hos vaksne. Emnet gir opplæring innan ernæringsbehandlingsprosessen (Nutrition Care Process). Emnet vil ta for seg problemstillingar knytt til rolla som klinisk ernæringsfysiolog i helsetenesta, inkludert kliniske arbeidsoppgåver, tverrfagleg samhandling, yrkesetikk og kommunikasjon med pasientar, brukarar, pårørande og anna helsepersonell. Emnet har varierte læringsformer, inkludert førelesingar, demonstrasjonar, gruppearbeid og klinisk praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studentane..

  • Har kunnskap om kompetanse, arbeidsoppgåver og ansvarsområde hos samarbeidande profesjonar og ernæringsarbeid sin plass og organisering i helse- og omsorgssektoren.
  • Har inngåande kunnskap om kliniske ernæringsfysiologars viktigaste ansvarsområder og arbeidsmetodar i spesialisthelsetenesta.
  • Har inngåande kunnskap om metodar for dokumentasjon, krav til konfidensialitet i alle praksisfelt og juridiske og etiske aspekt ved journalføring.
  • Har inngåande kunnskap om pasientforløp, og korleis pasientar og brukarar vekslar mellom primær- og spesialisthelsetenesta i løpet av ein sjukdomsperiode.
  • Kan anvende kunnskap om helse- og velferdssystemet, lovar, regelverk og ernæringsrelevante rettleiarar i si tenesteutøving og forhalde seg til helse- og sosialpolitikk.
  • Har avansert kunnskap om dei metabolske endringane som oppstår ved sjukdom og korleis desse påverkar pasientane sitt ernæringsbehov.
  • Har avansert kunnskap om årsak, førekomst, konsekvensar og behandling av sjukdomsrelatert underernæring.
  • Har inngåande kunnskap om spesialkost og konsistenstilpassa kost.
  • Har avansert kunnskap innafor stega i ernæringsbehandlingsprosessen, herunder kartlegging, diagnose, intervensjon og oppfølging, den tilhøyrande modellen og terminologien.
  • Har avansert kunnskap om medisinsk ernæringsbehandling ved komplekse ernæringsrelaterte problemstillingar og kritisk sjukdom.
  • Kan analysere kosthaldet på individnivå opp mot anbefalingar og retningslinjer relevante i ernæringsarbeidet.

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan bruke relevante metodar for å oppdage risiko for uønska hendingar og systematisk følge opp disse.
  • Kan analysere og forhalde seg kritisk til metodar for ernæringskartlegging, inkludert kost og næringsinntak, antropometri, biokjemiske data og fysiske funn.
  • Kan bruke kunnskap om farmakologi til å forklare funksjonar, interaksjonar, biverknader og kontraindikasjonar av legemiddel som er relevante innan ernæring.
  • Kan bruke relevante metodar for å følgje opp og evaluere ernæringsstatus hos ulike brukarar av helsetenester og grupper av pasientar.

Generell kompetanse: Studentane..

  • Kan formidle kunnskapsbasert praksis om kosthald og ernæring til pasientar, brukarar, pårørande og andre helseprofesjonar på ein vitskapeleg men lettforståeleg måte.
  • Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å utarbeide og oppdatere prosedyrar og rutinar ved ernæringsrelaterte tilstandar og sjukdommar.
  • Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å drive kunnskapsbasert ernæringspraksis.
  • Kan analysere, reflektere over og handtere etiske problemstillingar i sitt arbeid som klinisk ernæringsfysiolog i tråd med yrkesetiske retningslinjer.

Krav til forkunnskapar

Bachelorprogram i human ernæring.

Studiepoengsreduksjon

Ingen.

Krav til studierett

Opptak til masterprogram i klinisk ernæring

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, gruppearbeid og sjølvstudium basert på pensum skal dekke læringsmål for kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Det vil bli tatt i bruk ulike studentaktiviserande læringsmetodar for å trene på å bruke den kunnskapen som studentane har tileigna seg gjennom førelesingar og sjølvstudium. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, gruppearbeid og sjølvstudium basert på pensum skal dekke læringsmål for kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Det vil bli tatt i bruk ulike studentaktiviserande læringsmetodar for å trene på å bruke den kunnskapen som studentane har tileigna seg gjennom førelesingar og sjølvstudium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppearbeid, deltaking på kliniske demonstrasjonar og klinisk praksis.

Vurderingsformer

4 timars skriftleg eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innen 01.06 for haustsemesteret

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Programansvarleg

Programutvalg for ernæring

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 1

Institutt

 

Kontakt

studie-nutrition@uib.no / (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46