Hjem
Studentsider
Masteremne

Medisinsk ernæringsbehandling av born og unge

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår, 1.studieår.

Mål og innhald

Emnet gir ei grundig opplæring i medisinsk ernæringsbehandling av somatiske og psykiske sjukdommar og symptom hos born. Studentane får grunnleggande innføring i patologi og medisinsk behandling av sjukdommar og tilstandar, samt avansert opplæring i ernæringsbehandling av dei same sjukdommane

Emnet tar for seg cøliaki, leversjukdom, cystisk fibrose, IBD, malabsorpsjon og fordøyingsplagar, astma og anna lungesjukdom, allergi, matoverfølsomhet, hyperlipidemi, kreft, hjartesjukdom, nyresjukdom, ulike spisevanskar, metabolsk sjukdom, stoffskiftesjukdom, epilepsi, utmattingssjukdom og nevrologisk sjukdom

Emnet tar og for seg utfordringar knytt til næringsinntaket hos born som er i ein prematur tilstand, born som har funksjonshemmingar, spiseforstyrring og psykisk sjukdom.

Målet med emnet er at studentane skal ha tilstrekkeleg kunnskap om ernæringsbehandling, sjukdomsmekanismar og medisinsk behandling til å kunne vurdere, diagnostisere og behandle ernæringsutfordringar hos born med enkle, og komplekse somatiske sjukdommar og symptom, samt psykisk sjukdom.

Læringsutbyte

Det er venta at studenten etter fullført emne:

Kunnskapar: Studentane..

  • Har avansert kunnskap om årsak, førekomst, konsekvensar og behandling av ernæringsrelaterte sjukdommar og tilstander til born.
  • Har avansert kunnskap innanfor stega i ernæringsbehandlingsprosessen, inkludert kartlegging, diagnose, intervensjon og oppfølging, den tilhøyrande modellen og terminologien hos born
  • Har avansert kunnskap innanfor diagnosespesifikk ernæringsbehandling av born og unge
  • Har avansert kunnskap om medisinsk ernæringsbehandling ved komplekse ernæringsrelaterte problemstillingar hos born og unge

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan analysera eit samansett sjukdomsbilete og gje tilpassa og målretta medisinsk ernæringsbehandling og monitorering hos born og unge
  • Kan bruka innsamla informasjon og samanlikna med kriterium, anbefalingar og retningslinjer, og anvenda dette til å stilla ein ernæringsdiagnose og gjennomføra ein ernæringsintervensjon hos born og unge

Generell kompetanse: Studentane..

  • Kan anvenda sine kunnskapar og ferdigheiter til å gje kostråd til born/deira føresette
  • Kan anvenda sine kunnskapar og ferdigheiter til å gjennomføre ernæringsbehandling til born innan somatikk og psykisk helse
  • Kan anvenda sine kunnskapar og ferdigheiter i relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse til å forstå og samhandla med born, deira foreldre/føresette og barnehage/skule/andre

Krav til forkunnskapar

Bachelor i human ernæring. NUCLI352 byggjer på kunnskap i NUCLI351 og NUCLI353.

Krav til studierett

Opptak til masterprogram i klinisk ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Ordinære førelesningar, gruppearbeid og sjølvstudium basert på pensum skal dekka læringsmål for kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Det vil bli tatt i bruk ulike studentaktiviserande læringsmetodar for å trene på å bruke den kunnskapen som studentane har tileigna seg gjennom førelesningar og sjølvstudium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisninga vil omfatte minimum 3 dagar obligatorisk observasjonspraksis på barneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus og 2 dagar poliklinisk praksis ved Seksjon for klinisk ernæring.

Gruppearbeid med 80 % obligatorisk oppmøte.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 3 timar

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontakt

studie-nutrition@uib.no (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    08.04.2022, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    01.02.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted