Pasientkommunikasjon
- Studiepoeng5
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeNUCLI355
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust (1.semester)
Mål og innhald
Målet med emnet er at studentane skal få opplæring og trening i å bruke relevante kommunikasjonsteknikkar i pasientkonsultasjonen, inkludert å etablere tillit og gode relasjonar til pasientar og pårørande. De skal og kunne fremje samhandling med tilsette i helsetenesta.
Studentane skal ha kjennskap til ei rekke ulikskapar som påverkar pasientgrupper si helse og evne til meistring for å bli bevisste korleis dei kan bidra til å sikre likeverdige tenester innan klinisk ernæring for alle grupper i samfunnet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studentane..
- Har avansert kunnskap innanfor kommunikasjon, samhandling og samarbeid for å etablere tillit og ivareta ein god relasjon og fremje motivasjon med brukarar, pasientar og pårørande, og om korleis språk og kultur påverkar dette
- Har inngåande kunnskap om korleis variasjonar i helsekompetanse påverkar ulike pasientgrupper sitt kosthald, sjukdomshandtering, meistring og eigenomsorg
- Har kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering og bidra til å sikre likeverdige tenester innan klinisk ernæring for alle grupper i samfunnet
Ferdigheiter: Studentane..
- Kan bruke pasientsentrerte lærings-, meistrings- og endringsprosessar
- Kan bruke relevante metodar i helsepedagogikk i undervisning og rettleiing av pasientar, pårørande og anna helsepersonell
- Kan bruke relevante metodar for tilpassa kommunikasjon avhengig av mottakarens funksjonsevner og kunnskapar innan kosthald og ernæring
Krav til forkunnskapar
Bachelorprogram i human ernæring
Krav til studierett
Opptak til masterprogram i klinisk ernæring
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar, gruppearbeid og sjølvstudium basert på pensum skal dekke læringsmål for kunnskapar og ferdigheiter. Det vil bli tatt i bruk ulike studentaktiviserande læringsmetodar for å trene på å bruke den kunnskapen som studentane har tileigna seg gjennom førelesingar og sjølvstudium. Det er obligatorisk deltaking på undervisningsaktiviteten i Nucli355.
Vurderingsformer
Obligatorisk oppmøte (minst 80%).
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Emneevaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Kontakt
studie-nutrition@uib.no (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46