Matvarekunnskap
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeNUTR150
- Talet på semester1
- SpråkNorsk og engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Kurset gir kunnskap om råvarer og matvarer, om deira bruk i matlaging og kva dei har å seie for kosthaldet. Kurset dreier seg og om matvareproduksjon i hushald, storkjøkken og industri; prosessar i næringsmiddelindustrien; næringsstoff i mat og ferdigprodukt; hygiene og mattryggleik; sensorikk og konserveringsmetodar; forsking og utvikling i næringsmiddelindustrien samt lover og reglar som regulerer produksjon og frambod av mat, deklarasjonar og merking av matvarer, og forvaltninga av dette lov- og regelverket.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
- beskrive sammensetning av næringsstoffer i vanlege matvaregrupper
- beskrive korleis matvarer vert produsert og framstilt for konsum, knytta til bedriftsbesøk.
- forklare og vurdere betydningen av matproduksjon med både tradisjonell og moderne teknologi og metoder og deres effekt på næringsinnhald og produktkvalitet.
- gi en oversikt over lovgjeving i forhold til matvarer og matproduksjon, inkludert lover om deklarasjon/merking, tilsettingsstoff og genmodifisert mat.
Ferdigheiter:
- bruke kostberegningsprogrammer (for eksempel "Kostholdsplanleggeren").
- identifisere og presentere innhaldet av spesifikke aminosyrer, karbohydrat, feittsyrer, vitamin og mineral i samansette måltid og ulike kosthald.
Kompetanse:
- samarbeide med medstudentar om gruppeoppgåver.
Krav til forkunnskapar
Fullført første tre semester av Bachelorprogram i human ernæring
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogram i human ernæring
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar, gruppearbeid, heimeoppgåver, kostregistrering, rapport/blogg og presentasjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- innlevering, presentasjon og diskusjon av skriftleg rapport/blogg
- planlegging, gjennomføring, presentasjon og diskusjon av ein spesialdiett
- gjennomføring av fleirvalsspørsmål på MittUiB
Vurderingsformer
- skriftleg rapport/blogg, karakterskala A-F (40 % av karakteren)
- skriftleg skuleeksamen, 2.5 timar, karakterskala A-F (60 % av karakteren)
Om du ikkje får bestått på en eller begge delar av vurderinga, må du ta om igjen den eller de delane du ikkje har bestått.
Ved gjentak av eksamen (for å forberede resultat) kan du velje å ta opp ein eller begge vurderingsdelar i undervisingssemesteret.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Institutt
Klinisk institutt 1
Kontakt
studie-nutrition@uib.no/ (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: En skriftlig prøve og en rapport
- Trekkfrist
- 01.02.2023
Eksamensdel: Skriftleg eksamen
- Dato
- 14.06.2023, 15:00
- Varigheit
- 2.5 timer
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Rapport
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen