Ernæringsfysiologi - makronæringsstoffer
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeNUTR203A
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet gjev ei detaljert innføring, både teoretisk og praktisk, i dei energigjevande næringsstoffa si fordøying, absorpsjon, transport, lagring og ekskresjon med vekt på næringsemna sin funksjon og biokjemi.
Vidare vektleggast samanhengen mellom inntak av makronæringsstoff på normal utvikling og helse. Dei vitskapelege prinsippa for utforminga av nasjonale og internasjonale næringsstoffanbefalingar og kostråd blir grundig gjennomgått, inkludert korleis ein tolkar anbefalingane. Studentane får ei innføring i patofysiologien til fedme, diabetes og hjarte-kar sjukdommar, samt ernæring si rolle i sjukdomsutviklinga.
Emnet gjev ei innføring i det teoretiske og praktiske grunnlaget for analyse av ernæringsrelaterte biokjemiske markørar. Studentane blir undervist i prinsippa for den einskilde metode, og det blir gitt ei innføring i prinsippa for prøvetaking, opparbeiding og kvalitetssikring. Studentane skal lære om mykje brukte metodar i kjemiske og biokjemiske laboratorium, både på rutinelaboratorium som Laboratorium for klinisk biokjemi (Haukeland Universitetssjukehus) og forskingslaboratorium. Studentane skal gjennomføre enkelte analyser sjølv.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar: Studentane..
- Har avansert kunnskap om makronæringsstoffa si oppbygning, omsetning og verknad på kroppens funksjonar.
- Har inngående kunnskap om matvare- og næringsstoffanbefalingar og om grunnlaget for utarbeidinga av kostråd til friske menneske i livets ulike fasar.
- Har kunnskap innanfor appetittregulering og korleis fysiologiske, faktorar påverkar svolt, metthet og matinntak.
- Har inngående kunnskap om menneskets fordøyingssystem, inkludert oppbygging, funksjonar og prosessar.
- Har inngående kunnskap om årsak og patofysiologien til fedme, diabetes mellitus type 2 og aterosklerose.
- Har kunnskap om relevante biokjemiske analysemetodar innan basal- og klinisk ernæringsforsking, inkludert tolking av resultat.
- Har kunnskap om viktige biomarkørar til estimering av ernæringsstatus, risikomarkørar for diabetes mellitus type 2 og aterosklerose, deira analysemetodar og bruk.
Ferdigheter: Studentane..
- Kan bruke fagterminologi innanfor næringsstoffa sin biokjemi.
- Kan analysere og forholde seg kritisk til ulike næringsstoffanbefalingar og kostråd til vurdering av kosthald i befolkninga.
- Kan bruke enkelte biokjemiske metodar for å måle ernæringsbiomarkør, samt journalskriving og tolking av resultat, inkludert statistikk og biologisk variasjon.
Generelle kompetanse: Studentane..
- Kan kommunisere om makronæringsstoffer sin rolle i utvikling av kroniske sykdommer som fedme, hjerte-kar og diabetes
- Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter om makronæringsstoffer til å kunne gjennomføre relaterte forskningsprosjekter
Krav til studierett
Opptak til masterprogram i human ernæring
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar, laboratorieøvingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på laboratoriekursa er obligatorisk, totalt ca. 12 timar. Innlevering av journal etter kvart laboratoriekurs. Journalane må vere godkjente før studentane kan gå opp til eksamen.
Gruppearbeid med gjennomgang av artiklar.
Innlevering av essay (ca. 2000 ord) om rolla til makronæringsstoffer i utvikling av kroniske sykdommer. Tema blir kunngjort underveis i emne.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen
Karakterskala
A-F
Fagleg overlapp
Emnet samundervises med NUTR203 og man vil ikke få utelling for begge emner
Emneevaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Kontakt
studie-nutrition@uib.no / (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Munleg ekamen (Ny eksamen)
- Dato
- 27.01.2023
- Trekkfrist
- 01.02.2023
Vurderingsordning: Munleg ekamen (Utsett eksamen)
- Dato
- 24.04.2023
- Trekkfrist
- 01.02.2023