Hjem
Studentsider
Masteremne

Ernæringsfysiologi - mikronæringsstoffer

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNUTR204A
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet gjer ei inngåande forståing i dei ulike mikronæringsstoffa si fordøying, absorpsjon, transport, lagring og ekskresjon med vekt på mikronæringsstoffa sin funksjon og biokjemi. Emnet skal i tillegg gje ei inngåande kunnskap av korleis dei ulike mikronæringsstoffa, også i samspel med makronæringsstoffa, påverkar utvikling, vekst og helse hos menneske.

Emnet gjer ei innføring i det teoretiske og praktiske grunnlaget for ernæringsrelaterte statusmålingar. Studentane vil verte underviste i prinsippa for den einskilde metode, og det vert gjeve ei kort innføring i prinsippa for prøvetaking, opparbeiding og kvalitetssikring. Studentane skal lære om mykje brukte metodar i biokjemiske laboratorium.

Vidare vert kosthaldet sin innverknad på normal utvikling og helse vektlagt; nokre av dei mest aktuelle kosthaldsrelaterte helseproblem og korleis desse har samanheng med levekår og livsstil. Det vert fokusert på kjelder til og behov for dei ulike mikronæringsstoffa, næringsstofftilrådingar og korleis slike tilrådingar skal tolkast.

Emnet skal gje inngåande kunnskap om mikronæringsstoffanbefalingar og om grunnlaget for utarbeiding av anbefalingar til friske menneske i ulike fasar av livet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studentane..

  • Har inngåande kunnskap om mikronæringsstoffa sin oppbygging, fordøying, absorpsjon, lagring, omsetning, ekskresjon og biokjemisk funksjon hos menneske
  • Har avansert kunnskap om mikronæringstoffa sin verkemåte og betydning for utvikling av sjukdom ved mangel
  • Har brei kunnskap om sikkert inntak og toksisitet av mikronæringsstoffar
  • Har brei kunnskap om metodar for å måle ernæringsstatus for dei ulike mikronæringsstoffa

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan bruke fagterminologien innanfor mikronæringsstoffa sin biokjemi
  • Kan analysere og forholda seg kritisk til analysesvar for ernæringsstatus av mikronæringsstoff

Generell kompetanse: Studentane..

  • Kan anvende kunnskapen om mikronæringsstoffa sin grunnleggjande biokjemi innanfor andre område i ernæringsfaget

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet samundervises med NUTR204 og man vil ikke få utelling for begge emner

Krav til studierett

Opptak til masterprogram i human ernæring

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, laboratorieøvingar, gruppearbeid og semesteroppgåve med munnleg presentasjon.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Semesteroppgåve m/ munnleg presentasjon.

Deltaking på laboratoriekurset er obligatorisk, totalt ca. 10 timar. Innlevering av journal etter kvart laboratoriekurs. Journalane må vere godkjente før studentane kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen (30 min).

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret. 

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Programansvarleg

Programutvalg for ernæring

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen

Kontakt

studie-nutrition@uib.no (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46

Eksamensinformasjon