Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Ernæringens politikk og forvaltning

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal formidle meir inngåande kjennskap til forsking innan utvalte hovudtema i studiet av forholdet mellom politikk og organisasjon. Undervisninga skal gje innsikt i forsking, funn og tolkingar i studiet av politisk styring, makt og demokrati, og styrke di evne til å nærma deg problemstillingar omkring desse tema på ein sjølvstendig og kritisk måte.

Emnet skal gi deg et betre faglig grunnlag for fordjuping og spesialisering, bl.a. for arbeidet med bacheloroppgåva.

Sentralt i emnet står forholdet mellom politikk og organisasjon slik dette arter seg på ulike styringsnivå: på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå og i relasjonar mellom dei ulike nivåa. Det blir fokusert på ulike organisasjons- og reguleringsformer, de kunnskapsmessige føresetnader som politisk styring er tufta på og konsekvensar av desse.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten har inngående kunnskaper om:

  • organiseringa av og verkemåten til dei viktigaste formelle institusjonane i det norske politisk-administrative systemet som storting, regjering, sentralforvaltning og kommunale styringsorgan.
  • korleis politikk vert påverka, både i utformings- og iverksettingsfasen. Dette føreset ei forståing av rolla til profesjonar, interesseorganisasjonar og borgarar .
  • Offentleg mat- og ernæringspolitikk og forholdet til helsepolitikken

Ferdigheter

Studenten kan:

  • Identifisera, vurdera og reflektera over dei politiske og institusjonelle faktorane som påverkar mat- og ernæringspolitikken
  • Analysera bruk av virkemiddel i mat- og ernæringspolitikken

Generell kompetanse

Studenten kan vurdera politikk, samfunnsproblem og tiltak i lys av teoriar om forvaltning, politikk og organisering

Krav til forkunnskapar

Nei

Krav til studierett

Ope emne

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesning og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend obligatorisk essay 2000 ord (+/- 10% ), par-essay 2500 ord (+/- 10%). Godkjend arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

3-timers skoleeksamen

Fagleg overlapp

Full faglig overlapp og fullstendig poengreduksjon i forhold til AORG103

Emneevaluering

Emnet blir evaluert hvert 3. år

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no  

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    21.11.2019, 15:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    07.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted