Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Ernæring og helse på individ- og samfunnsnivå

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje studentane inngåande kunnskap om ernæringsbehovet og kosthaldsanbefalingane for alle fasar av livet, inkludert før unnfanging, ved graviditet, og for barn, ungdom, vaksne og eldre. Emnet vil og dekke kosthaldsmønstre og livsstil, inkludert vegetarkosthald.

Vidare vil emnet dekke konsekvensar av dei mest vanlege ernæringsrelaterte ikkje-smittsame sjukdommane hypertensjon, hyperlipedemi, kardiovaskulære sjukdommar, fedme, diabetes type 2, metabolsk syndrom og kreft. Emnet vil sjå på betydninga av kosthald og førebyggande tiltak for desse sjukdommane.

I tillegg vil ein lære om prevalens, årsaker og konsekvensar av matintoleranse og -allergiar og kosthaldsbehandlingar til desse tilstandane.

En modul i emnet dekker ernæringspolitikk og samfunnsernæring. Emnet vil dekke samfunnets innsats for å fremme god helse gjennom kosthald og ernæring for å forebygge feilernæring, her under underernæring, overvekt og fedme, og ikkje-smittsame sjukdommar i befolkninga. Strategier og tiltak nasjonalt og internasjonalt vil bli gjennomgått og evaluert. Ein vil og lære om berekraft i lys av kostholdsanbefalingar.

Læringsformene vil være varierte, inkludert førelesningar, quiz, debatt, gruppearbeid og presentasjonar, i tillegg til sjølvstudium. I løpet av dette emnet, skal studentane delta på to dagars tverrfagleg praksis (TVEPS) i en institusjon for barn, f.eks. barnehage og skule.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar: Studentane..

  • Har brei kunnskap om konsekvensar av ernæringsrelaterte sjukdommar og tilstander til personar i alle aldrar og livsfasar.
  • Har brei kunnskap innanfor førebygging av de vanlegaste ikkje-smittsame sjukdommar, og deira betyding for samfunnet, og variasjon i prevalens over tid.
  • Har inngåande kunnskap om matvare- og næringsstoffanbefalingar og om grunnlaget for utarbeidinga av kostråd til friske menneske i livets ulike fasar.
  • Kan analysere kosthaldet på gruppe- og befolkningsnivå opp mot anbefalingar og retningslinjer relevante i ernæringsarbeidet.
  • Har brei kunnskap om korleis variasjonar i helsekompetanse påverkar ulike brukargruppers kosthald, meistring og eigenomsorg.

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan analysere og forhalda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og teknologiar og reflektere over effekten av desse på ernæring og helse.
  • Kan analysere eksisterande overordna ernæringsfaglege problemstillingar og bidra i strategisk arbeid på ulike nivå innan helse- og omsorgssektoren og samfunnet elles.
  • Kan bruke kunnskap om immunologi for å gje ernæringsråd ved allergiar og intoleransar.
  • kan analysere og forholde seg kritisk til kostholdet på individ-, gruppe- og befolkningsnivå i lys av bærekraft og miljøhensyn
  • kan analysere og forholde seg kritisk til hvordan det helsefremmende og forebyggende ernæringsarbeidet og -politikken er utviklet og organisert nasjonalt og internasjonalt.
  • kan analysere eksisterende samfunnsmessige og individuelle faktorer som påvirker kostrelatert atferd og helse i ulike befolkningsgrupper, nasjonalt og internasjonalt

Kompetanse: Studentane..

  • Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å gje kostråd for å førebygge ikkje-smittsame sjukdommar til personar i ulike livsfasar.
  • Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å gje kostråd til personar i ulike livsfasar og funksjonsnivå, samt befolkningsgrupper med særskilte kostvanar.
  • Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å planlegge, gjennomføre og evaluere helsefremmande og førebyggande ernæringstiltak i ulike befolkningsgrupper.
  • kan anvende sine kunnskaper og ferdigheter til å forstå sammenhengene mellom helse, utdanning, arbeid og levekår, og kan anvende dette i sin tjenesteutøvelse, både overfor enkeltpersoner og grupper i samfunnet, for å bidra til god folkehelse og arbeidsinkludering
  • kan kommunisere kostråd til hele befolkningen eller til grupper av befolkningen som en del av helsefremmende og forebyggende ernæringsarbeid.

Læringsutbytte TVEPS

Kunnskap: Studentane..

  • Har grunnleggande kunnskap om kompetanse, arbeidsoppgåver og ansvarsområde hos samarbeidande profesjonar.

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan gjennomføre tverrfagleg og tverrprofesjonelt samarbeid.

Generell kompetanse: Studentane..

  • Kan kommunisere om ernæringsfaglege problemstillingar og tiltak innanfor fagområdet med andre helseaktørar.
  • Kan reflektere over eiga rolle i grupper og gruppeprosessar.

Krav til forkunnskapar

Ajour i studieløpet til bachelor i human ernæring. 

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter tidligere emner: NUTR245 og NUTR220. 

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, debatt, gruppeoppgåver og studentpresentasjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppearbeid med presentasjon

TVEPS-praksis (2 dagar)

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Programansvarleg

Programutvalg for ernæring

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 1

Kontakt

studie-nutrition@uib.no

studie-nutrition@uib.no / (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    25.11.2022, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.09.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted