Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Livsstil og livsløp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Mål og innhald

Etter avslutta emne skal studentane kunne gjere greie for ernæringsmessige behov i ulike fasar av livet, for spesielle grupper i befolkninga og korleis kosten vert påverka av livsstil og miljø. Dei skal og kunne gjere greie for kosten sin innverknad på helsa, korleis den verkar på utvikling og førebygging av dei såkalla livsstilssjukdommane, samt vurdere konsekvensen av eit mangelfullt kosthald.

Læringsutbyte

Det blir venta at studenten etter fullført emne kan:

Kunnskapar:

  • greie ut om ernæring og ernæringsrelatert helse i løpet av dei ulike livsfasane; frå befrukting til alderdom, med spesielt fokus på ernæring under kritiske fasar av livet
  • skildre ernæringsmessige utfordringar for grupper med spesielle ernæringsbehov knytt til livsstil
  • skildre ernæringa si rolle i førebygging av livsstilsjukdommar og relevante problemstillingar knytt til dette

Ferdigheiter:

  • lage ein vitskapeleg presentasjon om kosthald og livsstilssjukdommar

Kompetanse:

  • samarbeide med medstudentar om gjennomføring av gruppearbeid

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, gruppeoppgåver og studentpresentasjonar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppearbeid og ein presentasjon

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studie-nutrition@uib.no
(+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 25 35

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    13.12.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen