Innføring i ernæringsbehandling
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeNUTR246
- Talet på semester1
- Ressursar
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Mål og innhald
Emnet er ein introduksjon til klinisk ernæring med fokus på behandling av overvekt og diabetes av både born og vaksne, samt underernæring.
Vidare skal studentane arbeide i ein helseinstitusjon, sjukeavdeling, helsestasjon, prosjekt eller annan stad der det blir drive førebyggande eller kurativt helsearbeid. Dei skal observere korleis arbeidet blir drive, og korleis måla blir nådde. Ernæring skal vere særleg i fokus. Praksisperioden skal fordjupe innhaldet som har blitt tileigna teoretisk.
Læringsutbyte
Det blir venta at studenten etter fullført emne kan:
Kunnskapar:
- evne til å utvikle ernæringsmessige tiltak for behandling av fedme og diabetes
- evne til å diagnostisere underernæring og utvikle ernæringsmessig behandling av denne tilstanden
- beskrive korleis ein helseinstitusjon fungerer og korleis ernæringsarbeid og førebyggande helsearbeid går føre seg i praksis
Ferdigheiter:
- lage ein kosthaldsplan for behandling av overvekt, diabetes og undervekt
- formulere sine observasjonar og refleksjonar i eit skriftleg notat
Kompetanse:
- samarbeide med medstudentar om gjennomføring av gruppearbeid
- vurdere ernæringa si plass i heilskapleg og tverrfagleg helsearbeid
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogram i human ernæring
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar, gruppeoppgåver og praksis
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Hospitering
MCQ-test på Mitt UiB i etterkant av hospiteringen
Gruppearbeid
Vurderingsformer
Munnleg eksamen med pasient
Karakterskala
A-F
Emneevaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervising med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisingsopplegg.
Kontakt
Kontaktinformasjon
studie-nutrition@uib.no
(+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 25 35
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Muntleg
- Eksamensperiode
- 08.03.2021–09.03.2021
- Trekkfrist
- 01.02.2021