Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i medisinsk ernæringsbehandling

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNUTR247
  • Talet på semester1
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Mål og innhald

Emnet tar for seg ernæringsbehandlinga av overvekt og diabetes hos barn og vaksne. Risikovurdering av underernæring og grunnleggande ernæringsbehandling av tilstanden er og eit sentralt tema. Det vil bli gitt grundig opplæring i ernæringsbehandlinga som blir gitt i den kommunale helse- og omsorgstenesta inkludert energi- og næringstett kost, beriking og næringsdrikkar.

Emnet vil ta for seg grunnleggjande tema innan ernæringsarbeid som tverrfagleg samhandling, etikk, kommunikasjon med brukarar, pårørande og anna helsepersonell.

Studentane skal ha 2 vekers praksis i primærhelsetenesta, der praksisarena er Frisklivssentralar, heimeteneste, sjukeheimar eller liknande.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studentane..

  • Har brei kunnskap om årsak, førekomst og konsekvensar av underernæring, overvekt, og fedme i voksne og barn
  • Har brei kunnskap om årsak, førekomst og konsekvensar av diabetes mellitus hos barn og voksne, inkludert svangerskapsdiabetes
  • Har brei kunnskap om standardkost, energi- og næringstett kost, beriking, næringsdrikker, kost på helseinstitusjonar og i helse- og omsorgstenesta
  • Har grunnleggande kunnskap om primærhelsetenesta og klinisk ernæringsfysiologers ansvarsområdet og arbeidsmetodar
  • Har kunnskap om metodar for dokumentasjon, krav til konfidensialitet i alle praksisfelt og juridiske og etiske aspektar ved journalføring

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan analysere og forholda seg kritisk til relevante verktøy for vurdering av risiko for underernæring
  • Kan analysere og forholda seg kritisk til metodar for ernæringskartlegging, inkludert kost, næringsinntak og antropometri
  • kan gi tilpassa og målretta ernæringsbehandling av fedme og diabetes mellitus i voksne og barn
  • kan gi tilpassa og målretta grunnleggande ernæringsbehandling av underernæring
  • kan beherske grunnleggande konsultasjonsteknikkar og kostrettleiing i møte med brukar og pasientar

Generell kompetanse: Studentane..

  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å gi kostråd til barn og voksne med fedme, diabetes mellitus og underernæring

Krav til forkunnskapar

Ajour i studieløpet til bachelor i human ernæring.

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter tidligere emne NUTR246.

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar, kasuistikkar, gruppeoppgåver og praksis i primærhelsetenesta

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Forberede og spille inn podcast innan ernæringsproblemstillinga gjennomgått i emnet.

2 ukar praksis i primærhelsetenesta

Delta på gruppebasert rettleiing og kasuistikkgjennomgang halvvegs i praksisperioden

Innlevering av refleksjonsnotat etter avslutta praksis

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervising med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisingsopplegg.

Kontakt

studie-nutrition@uib.no
(+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46