Bacheloroppgåve i ernæring

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje studentane erfaring med ernæringsvitskapeleg arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og presentasjon av eit vitskapeleg prosjekt (både munnleg og skriftleg), slik at studenten kan dokumentere vitskapeleg tenke- og arbeidsmåte.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve, der akademisk skriving, kjeldesøk, kjeldekritikk og etiske problemstillingar vil bli drøfta. Studentane velgjer bacheloroppgåve frå ei temaliste som presenterast i slutten av haustsemesteret (5. semester).

Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/problemstilling knytt til ernæring. Oppgåva kan enten vere basert på empirisk undersøking eller på ein gjennomgang og samanfatting av litteratur på ein systematisk måte til eit avgrensa tema.

Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk. Om lag midtvegs i emnet skal studentane gje ein munnleg presentasjon av oppgåva til kvarandre på eit bachelorseminar (obligatorisk deltaking). Presentasjonen kan gjennomførast på norsk eller engelsk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Kandidaten..

  • har brei kunnskap om relevante forskingsmetodar innan basal-, klinisk-, og epidemiologisk kosthalds- og ernæringsforsking, inkludert tolking av resultat
  • har brei kunnskap om prinsippa for systematisk kunnskapsoppsummering innan kosthalds- og ernæringsforsking

Ferdigheiter: Kandidaten..

  • kan analysere og forholda seg kritisk til egen og andre si kosthalds- og ernæringsforsking
  • kan gjennomføre et avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer for å undersøke samanhengen mellom kosthald, helse og sjukdom.

Generell kompetanse: Kandidaten..

  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til fag- og kunnskapsutvikling innan ernæringsfaget, og bidra i forskingsprosjekt om samanhengen mellom kosthald, helse og sjukdom

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Høst og vår (5. og 6. semester)
Krav til forkunnskapar
Fullført og bestått de fire første semestera av bachelor i ernæring.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogram i ernæring
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet startar i haustsemesteret, og det vil være obligatoriske aktiviteter i slutten av haustsemesteret. Obligatoriske førelesingar innan vitskapelege metodar, forskingsetikk, og bruk av biblioteksverktøy vil gje den naudsynte teoretiske bakgrunnen for å skriva ei bacheloroppgåve.

Studentane velgjer oppgåve og deltek på bibliotekskurs med litteratursøk før jul.

Munnleg presentasjon av prosjektet på et bachelorseminar er obligatorisk.

Sjølvstendig skriving av litteraturoppgåve under rettleiing. Oppgåva skrivast i hovudsak i grupper på to studentar, men enkelte oppgåver er individuelle. Studentane kan få inntil 10 timer rettleiing per oppgåve av rettleiar, som inkluderer rettleiingssamtale og gjennomlesing av oppgåva.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på minst 80% av all undervisning. Presentasjon og tilstedeværelse på hele bachelorseminaret er obligatorisk.
Vurderingsformer

Ei skriftleg bacheloroppgåve. Dei fleste oppgåvene er gruppeoppgåvar som skrivast i par, men enkelte oppgåver er individuelle.

Alle kandidatar på ei gruppeoppgåve får same sluttkarakter.

Omfang: omlag 5000-8000 ord ved individuell oppgåve og 8000-10 000 ord ved gruppeoppgåve (eksklusiv forside, referansar, appendiks, tabellar).

Ein kan skrive bacheloroppgåva på norsk eller på engelsk. Det vanlegaste er å skrive oppgåva på engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Programansvarleg
Programutvalg for ernæring
Administrativt ansvarleg
Klinisk institutt 1
Institutt
Klinisk institutt 1