Menneskets fysiologi
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeNUTRFYS
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet har som mål at studentane etter gjennomført emne kan definera dei grunnleggande fysiologiske omgrepa, greie ut om mekanismane for dei ulike kroppsfunksjonane og forklåre korleis reguleringsmekanismane kan oppattrette likevekt og funksjon, gitt ei forstyrring av likevekta i eit fysiologisk system.
Emnet skal formidle forståing for det biologiske grunnlaget for mennesket sin fysiologi.
Studiet tar opp tema som nevrofysiologi, blodet sine celler og funksjon, hjarte-/kar fysiologi, respirasjons- og arbeidsfysiologi, varmebalanse og temperaturregulering, nyre og syre/base-balanse, endokrinologi og reproduksjon, fordøying og ernæring.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studentane..
- har brei kunnskap om dei grunnleggande fysiologiske omgrepa og mekanismane for organ og organsystemet sin normale funksjon og samspel hos menneske.
har brei kunnskap om kroppen sine reguleringsmekanismar for å oppattrette likevekt og funksjon ved sjuklege tilstandar som leiar til forstyrring av kroppen sinefysiologiske system
- innan tema som- Nerve -og muskelsystemet og sansar
- Blodet og immunforsvaret
- Hjarte- og karfysiologi
- Respirasjonssystemet og arbeidsfysiologi
- Varmebalanse og temperaturregulering
- Nyre og syre-base-balanse
- Endokrine systemet og reproduksjon
- Fordøyingssystemet og ernæring
- har grunnleggande kunnskap om korleis samfunnsmessige forhold påverkar folk sin tilgang på og val av matvarer, og kva ernæringspolitiske verkemiddel som kan takast i bruk for å betre den generelle ernærings- og helsetilstanden basert på berekraftige matproduksjonssystem.
Ferdigheiter: Studentane..
kan bruke enkelt apparatur til fysiologiske målingar og gjennomføre og vurdere relevante eksperiment som
- Elektromyografi (EMG)
- Blodtyping og differentialtelling av kvitee blodceller
- Plethysmografi, EKG og måling av blodtrykk
- Spirometri og måling av maksimalt oksygenopptak
- kan bruke kunnskap om fysiologi til å forklare funksjonen til organ og organsystem sin i fysiologiske prosessar
- kan bruke sin faglege kunnskap og relevante resultat til å forklare bakgrunnen for relevante kliniske problemstillingar
Generell kompetanse: Studentane..
- har innsikt i fysiologisk samspel mellom organ og organsystem og kan bruke sine kunnskapar til å formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg
- kan bruke sine kunnskapar til å utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet for å forstå normalfunksjon og sjukdomsprosessar
Krav til studierett
Opptak til Bachelorprogram i human ernæring eller Masterprogram i human ernæring
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga omfattar førelesingar (rundt 80 timar) og laboratorieundervisning under rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Laboratoriekurs med godkjende kursjournalar.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.
Karakterskala
A-F
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverktøy.
Kontakt
Institutt for biomedisin
med-ibm-studiesaker@uib.no
Emneansvarleg:
Marion Kusche-Gullberg, https://www.uib.no/personer/Marion.Kusche.Gullberg
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen (Ny eksamen)
- Dato
- 13.03.2023, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 01.02.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 2. etg.