Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Anatomi

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet er å gi studentane kunnskap om utvikling, anatomi og histologi til organsystema hos mennesket. Hovudvekta er lagt på normal anatomisk bygnad og utvikling av hovud og hals. Undervisinga i makroskopisk og mikroskopisk anatomi og embryologi omfattar følgjande tematiske område:

Anatomisk og histologisk bygnad av nerve-, sirkulasjons-, kar-, respirasjons-, fordøyelses-,

urin-, og det endokrine systemet, samt sansane.

I tillegg vert det undervist i utvikling av enkelte organsystem.

For hovud og hals vert det undervist i detalj om utvikling og regional og funksjonell anatomi på munn- og nasehol, farynks, larynks, osteologi, muskulatur, innervasjon, karsystem, spyttkjertlar, kjeveledd og utvalde topografiske område.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskapar

  • Kjenne definisjonar og omgrep i embryologi, histologi og anatomi (også latinske).
  • Beskrive normal utvikling og bygnad av kroppen sine organsystem som bakgrunn for å forstå normal funksjon og sjukdomsutvikling hos mennesket.
  • Greie ut i detalj om normal utvikling og anatomi av hovud og hals.
  • Utnytte informasjon om normal anatomi til å påvise avvik frå det normale.
  • Utnytte informasjon om normal anatomi til å tolke røntgenologiske funn.
  • Gi anatomisk bakgrunn for kliniske problemstillingar.
  • Utnytte informasjon om normal anatomi for å gjennomføre kliniske inngrep.

Ferdigheiter

  • Kjenne att anatomiske strukturar i anatomiske preparat og i fiksert humant materiale.
  • Kommunisere med anna helsepersonell ved hjelp av relevante anatomiske definisjonar.
  • Ta omsyn til teieplikt i kontakt med pasientar (allereie ved disseksjon).
  • Bruke lysmikroskop.

Generell kompetanse

  • Arbeide i gruppe og sjølvstendig.

Krav til forkunnskapar

BIOBAS, eller MEDOD1 + MEDOD2

Krav til studierett

Integrert masterprogram i odontologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

I makroskopisk anatomi vert undervisinga gjeven som førelesingar, demonstrasjonar og disseksjonskurs (rundt 50-60 timar totalt). Det vert også nytta kollokvium med lærarassistanse.

I histologi vert undervisinga gitt som førelesingar og mikroskopikurs (rundt 60-70 timar totalt).

Studentane fører kursjournal som vert innlevert og retta.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Disseksjonskurs, demonstrasjonar og histologikurs er obligatoriske. Kursjournalane må vere godkjende for å gå opp til avsluttande eksamen.

Vurderingsformer

4 timars skriftleg eksamen og praktisk stasjonseksamen. Praktisk eksamen utgjer 25% av den totale karakteren. Ved praktisk eksamen blir kandidatane delt i to ved tilfeldig trekning, der 24 studenter får makroanatomi som tema på eksamen, mens dei resterande studentene (om lag 50 %) får histologi som tema.

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mitt UiB.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no 

Emneansvarleg:

Päivi Kettunen, http://www.uib.no/personer/Paivi.Kettunen

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftlig og muntlig/praktisk stasjonseksamen

    Trekkfrist
    01.09.2019
    • Eksamensdel: Skriftleg skuleeksamen

      Dato
      11.12.2019, 09:00
      Varigheit
      4 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Muntleg/praktisk stasjonseksamen

      Dato
      13.12.2019, 09:00
      Varigheit
      3 timer