Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Oral biologi del 1

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeOD1ORBI1
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Oral biologi omfattar følgjande tematiske område:

  • Detaljert anatomi av tyggjeorganet og det primære - og permanente tannsettet
  • Rotkanal-anatomi
  • Tannstilling, okklusjon og artikulasjon

Detaljkunnskap om tenner og tyggjeorgan er grunnleggjande for undervisninga i dei fleste kliniske fag, og gir studenten bakgrunn for å kunne tolke røntgenfunn, vurdere rotbehandling, gje fyllingar og protetiske erstatningar riktig utforming og kjenne att tenner med normal og atypisk anatomi, samt gje bakgrunn for å påvise avvik i kjeve og tannstilling.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å:

Kunnskapar

  • Ha detaljert kunnskap av normal krone- og rotanatomi for enkelte tenner i det primær tannsettet og det permanente tannsettet samt kunnskap om rotkanal-anatomi.
  • Ha detaljert kunnskap om normal tannstilling og dei basale prinsippa for okklusjon og artikulasjon.
  • Ha kunnskap om ulike nomenklatur-system for primære og permanente tenner.

Ferdigheiter

  • Gje ei detaljert framstilling av normal krone- og rotanatomi og rotkanal-anatomi for tenner i det primære og permanente tannsettet.
  • Greie ut om normal tannstilling og dei basale prinsippa for okklusjon og artikulasjon.
  • Kjenne att og namngje kvar tann i begge tannsett.

Generell kompetanse

  • Kjenne att og namngje ekstraherte humane tenner.
  • Gjere nytte av tileigna kunnskapar og ferdigheiter i seinare propedeutiske og kliniske emne.
  • Kunne diskutere/kommunisere med medstudentar og tannlegar (kliniske lærarar) om tenner med korrekt odontologisk terminologi.

Krav til studierett

Integrert masterprogram i odontologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga vert gjeven som førelesingar og praktisk kurs i tannanatomi (totalt rundt 45 timar), der studentane arbeider i grupper med tannbestemming. Studentane fører kursjournal som vert innlevert og retta.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Praktisk kurs er obligatorisk.

Vurderingsformer

1 times prøve i tannbestemming.

Oral biologi del 1 må vere godkjend før studenten kan ta kursdel 2.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mitt UiB.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no 

(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95

Emneansvarleg:

Päivi Kettunen, http://uib.no/personer/Paivi.Kettunen