Hjem
Studentsider
Masteremne

Kjeve- og ansiktsradiologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

2 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår, 4. semester

Mål og innhald

I faget kjeve- og ansiktsradiologi skal studentane lære korleis røntgenstråling blir danna, effekten av ho, og korleis røntgenstråling blir brukt til å avbilde tenner, støttevevet til tennene og omliggande kjeve- og ansiktsstrukturar, samt lære å tolke røntgenbileta.

OD2RØNT er eit ferdigheitskurs som gjev grunn for pasienttreningsdelen (OD3RØNT).  Fullført OD2RØNT er eit krav for å kunne følgje OD3RØNT. Emna er på til sammen 8 studiepoeng

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan gjere greie for

  • Opphavet og eigenskapane til røntgenstråling og korleis røntgenstråler blir brukte til å avbilde tenner, støttevevet til tennene og omliggande kjeve- og ansiktsstrukturar.
  • Dei biologiske effektane av røntgenstråling og praktisk strålevern, det vil si vurdering av berettigelse og tilnærming til optimalisering ved intraorale og panorama undersøkingar.
  • Teoretisk og praktisk tilnærming til projeksjonsteknikk ved intraoral bildeundersøking.
  • Normalanatomiske strukturar i intraorale bilete

Ferdigheiter

Studenten kan

  • Praktisk gjennomføre intraorale bildeopptak
  • Granske, tolke og namngje normalanatomiske strukturar på intraole bilete

Generell kompetanse

Studenten har klinisk forståing for tydinga av gode arbeidsrutinar og grunnlag for å kunne kommunisere med pasienter og kollega.

Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått tredje semester av Integrert masterprogram i odontologi

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

ingen

Krav til studierett

Master odontologi

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar (digitale og/eller konvensjonelle) parallelt med kliniske seminar, klinisk-praktisk ferdigheitstrening med intraoral røntgenteknikk, og gruppearbeid.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningen starter med en forelesningsrekke parallelt med klinisk seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Klinisk undervisning i form av seminar og røntgen ferdigheitskurs er obligatorisk. Det blir i 4. semester halde prøve i normal røntgenanatomi. Prøve må vera bestått for at OD2RØNT kan godkjennast og studenten gå vidare til OD3RØNT.

Vurderingsformer

Praktiske ferdigheiter blir vurdert fortløpande under kurset. Før studenten kan gå opp til kursprøve (30 minutt skriftlig prøve) skal klinisk lærer godkjenne at studenten er i stand til å ta alle røntgenbilete i ein heil-status. Den avsluttande prøva i røntgenanatomi blir vurdert av intern sensor.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår, 4. semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programutvalg for odontologiske fag

Emneansvarleg

Professor Malin V. Jonsson

Administrativt ansvarleg

Institutt for klinsik odontologi

Institutt

Institutt for klinisk odontologi

Eksamensinformasjon