Ferdigheitskurs pedodonti

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Pedodontien omfattar den delen av odontologien som tar sikte på førebygging og behandling av utviklingsforstyrringar, traumer og sjukdommar i tenner og omgivnadene vev hos barn og unge 0 - 18 år, herunder også funksjonshemma og sjuke barn. Det omfattar kunnskapar og kliniske ferdigheiter for barn og ungdommer.

Ferdigheitskurset blir innleia med gruppearbeid og diskusjon i plenumom korleis ein etablerer eit godt undervisningsmiljø i fagområdet. Kurset inkluderer opplæring i tekniske ferdigheter i primære og permanente tenner. Kurset blir avslutta med teoriprøve etter «multiple choice» metoden. Prøva må vere godkjend for at studenten skal kunne ta til med den kliniske tjenesta. Studentane blir informerte om kva som er riktige svar på spørsmåla umiddelbart etter prøva.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten har kunnskap om følgjande teknikkar

  • Kariespreparering i det primære tannsett
  • Kariespreparering i det permanente tannsett
  • Stålkronepreparering
  • Fiksering av traumatiserte tenner

Ferdigheter

Studenten beherskar følgjande behandling etter kurset:

  • Kariesbehandling i det primære tannsett
  • Kariesbehandling i det permanente tannsett
  • Stålkrone preparering
  • Fiksering av traumatiserte tenner

Generell kompetanse

Studenten har nødvendig kompetanse for behandling av tannsett hos barn og unge pasientar.

Studiepoeng, omfang

1 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Fullført 5. semester ved Integrert master i odontologi
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Integrert master i odontologi, MAOD-ODONT
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningen holdast som propedeutisk kurs, forelesninger, seminarer og klinikk.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Bestått ferdigheitskurs er ein føresetnad for å ta til med klinisk teneste.

All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesingar.

Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.

I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.

Vurderingsformer

- Innledende prøve

- Tekniske oppgåver

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember året før undervisninga tar til.
Emneevaluering
Hvert 3. år i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Kurshefte
Programansvarleg
Programutval for odontologiske fag
Emneansvarleg
Professor Jorma Virtanen
Administrativt ansvarleg
Institutt for klinisk odontologi
Institutt
Institutt for klinisk odontologi