Hjem
Studentsider
Masteremne

Ferdighetskurs endodonti

  • Studiepoeng4
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeOD3ENDO
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

4 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Endodonti omhandlar etiologi, diagnose, førebygging og behandling av sjukdommar og skader som involverer tannpulpa, samt følgjetilstander av desse.

Undervisninga i emnet har som mål å førebu studenten til å kunne behandle pasientar på ein sikker og forsvarleg måte.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • forstår og gjer greie for etiologi og endodontisk sjukdomsutvikling.
  • kjenner til ulike diagnosar og behandling som er aktuelle for vitale og avitale tenner.
  • gjer greie for prinsippa for kavumpreparering av tenner basert på grunnleggjande kunnskap om tannanatomi.
  • kjenner til fordelar og faremoment knytt til ulike roterande instrument brukt ved kavumpreparering
  • har teorigrunnlaget knytta til metodar for endodontisk røntgendokumentasjon og kva røntgenopptak vi tar ved endodontisk behandling.
  • gjer greie for ulike rotkanalinstrument og deira bruksområde.
  • gjer greie for eigenskapar og bruksområde til materialar og medikamenter som er aktuelle ved endodontisk behandling

Ferdigheiter

Studenten

  • gjennomfører endodontiske prosedyrar med akseptabel aseptikk.
  • meistrar manuelle ferdigheiter som er naudsynte for å utføre kavumpreparering av alle tanngrupper.
  • velgjer og brukar egna roterande instrument for å utføre kavumpreparing.
  • tar røntgenopptak som gir bilete av god kvalitet.
  • brukar egna manuelle og maskinelle rotkanalinstrument under endodontisk behandling.
  • beherskar instrumenteringsteknikkar som er tilpassa tanna sin anatomi
  • brukar og velje medikament som er tilpassa bruksområda for desinfeksjon, irrigasjon og midlertidig innlegg i rotkanalen under endodontisk behandling
  • brukar og vel materialar som er tilpassa teknikken som nyttast ved fylling av rotkanalen
  • utfører rotfylling basert på dei ulike endodontiske diagnosane (pulpektomi, nekrose- og revisjonsbehandling)

Generell kompetanse

Gjennom ferdigheitstrening har studenten ei bevisst haldning til aseptikk og teknisk kvalitet.

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått femte semester av integrert masterprogram i odontologi

Studiepoengsreduksjon

OD3END-K3: 3 studiepoeng

Krav til studierett

Integrert masterprogram i odontologi

Arbeids- og undervisningsformer

Klinisk undervisning, seminar og førelesningar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningen omfatter forelesninger, demonstrasjoner, seminarer, propedeutisk kurs og klinisk undervisning. Fagspesifikk klinisk undervisning starter etter fullført propedeutisk kurs og avsluttes i 8.semester. Undervisningen fortsetter så inn i blokken allmennodontologi.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent fagspesifikt klinisk trening er ein føresetnad for å ta den skriftlege og praktiske prøven.

Vurderingsformer

  • Teoriprøve av 45 minutters varigheit og sjølvstendig oppgåve av varigheit på 2,5 timer
  • Evaluering av utført arbeid i løpet av ferdigheitstreninga

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember året før undervisninga tar til.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UIB sitt kvalitetssikringssystem hvert tredje år.

Programansvarleg

Programutval for odontologiske fag

Emneansvarleg

Siv Kvinnsland

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for klinisk odontologi

Institutt

Institutt for klinisk odontologi