Ferdighetskurs endodonti
Masteremne
- Studiepoeng
- 4
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- OD3ENDO
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Endodonti omhandlar etiologi, diagnose, førebygging og behandling av sjukdommar og skader som involverer tannpulpa, samt følgjetilstander av desse.
Undervisninga i emnet har som mål å førebu studenten til å kunne behandle pasientar på ein sikker og forsvarleg måte.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten
- forstår og gjer greie for etiologi og endodontisk sjukdomsutvikling.
- kjenner til ulike diagnosar og behandling som er aktuelle for vitale og avitale tenner.
- gjer greie for prinsippa for kavumpreparering av tenner basert på grunnleggjande kunnskap om tannanatomi.
- kjenner til fordelar og faremoment knytt til ulike roterande instrument brukt ved kavumpreparering
- har teorigrunnlaget knytta til metodar for endodontisk røntgendokumentasjon og kva røntgenopptak vi tar ved endodontisk behandling.
- gjer greie for ulike rotkanalinstrument og deira bruksområde.
- gjer greie for eigenskapar og bruksområde til materialar og medikamenter som er aktuelle ved endodontisk behandling
Ferdigheiter
Studenten
- gjennomfører endodontiske prosedyrar med akseptabel aseptikk.
- meistrar manuelle ferdigheiter som er naudsynte for å utføre kavumpreparering av alle tanngrupper.
- velgjer og brukar egna roterande instrument for å utføre kavumpreparing.
- tar røntgenopptak som gir bilete av god kvalitet.
- brukar egna manuelle og maskinelle rotkanalinstrument under endodontisk behandling.
- beherskar instrumenteringsteknikkar som er tilpassa tanna sin anatomi
- brukar og velje medikament som er tilpassa bruksområda for desinfeksjon, irrigasjon og midlertidig innlegg i rotkanalen under endodontisk behandling
- brukar og vel materialar som er tilpassa teknikken som nyttast ved fylling av rotkanalen
- utfører rotfylling basert på dei ulike endodontiske diagnosane (pulpektomi, nekrose- og revisjonsbehandling)
Generell kompetanse
Gjennom ferdigheitstrening har studenten ei bevisst haldning til aseptikk og teknisk kvalitet.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent fagspesifikt klinisk trening er ein føresetnad for å ta den skriftlege og praktiske prøven.
All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesingar.
Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.
I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.
I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.
Vurderingsformer
Når vurderingsforma i eit emne er «skriftleg prøve», vil det bli arrangert to kontinuasjonsprøver innan kort tid for studentar utan gyldig resultat. Studentar som ikkje har oppnådd gyldig resultat etter tre forsøk, blir flytta ned til lågare kull. Dei tre forsøka som høyrer til kvar gjennomføring av emnet, blir rekna som eitt vurderingsforsøk i samsvar med UiBs forskrift om studiar §8-1 (1). På grunn av den korte tida mellom ordinær og ny prøve, vil klaga på sensur ikkje bli behandla før tredje forsøk er gjennomført. Dersom tredje forsøk blir gjennomført som munnleg prøve, er det dei to tidlegare skriftlege forsøka som er gjenstand for klagebehandlinga.