Hjem
Studentsider
Masteremne

Farmakologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

3 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Høst, femte semester

Mål og innhald

Farmakologi er eit studium av interaksjonar mellom medikament og den levande organismen.

Kurset skal gi kunnskap i generell og spesiell farmakologi.

I odontologisk farmakologi blir det undervist i følgjande tematiske område:

  • generell farmakologi
  • lokalanestetika
  • analgetika
  • antimikrobielle middel
  • psykofarmaka
  • anestetika/anxiolytika/sedativa
  • legemiddel ved hjarte- og karsjukdomar
  • legemiddel som verkar på blodet
  • hormonpreparat
  • orale biverknader frå medikament
  • interaksjonar
  • reseptlære
  • RELIS
  • bruk av Felleskatalogen

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidatens skal kunne gjere greie for:

  • generelle prinsipp for kva verknad legemiddel har på kroppen (farmakodynamikk), samt dei viktigaste prinsipp for korleis legemiddel har effekt på målprotein i kroppen.
  • generelle prinsipp for opptak, fordeling og omsetnad av legemiddel i kroppen, samt utskilling av legemiddel frå kroppen (farmakokinetikk).
  • dei ulike legemiddelgruppene
  • dei viktigaste legemidla innanfor odontologisk verksemd.
  • dei vanlegaste orale biverknadene av legemiddel.
  • hovedprinsippa for farmakologisk terapi av orale sjukdommer og symptom.

Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne gjere greie for:

  • dei vanlegaste orale biverknader av legemidel.
  • hovedprinsippa for farmakologisk terapi av orale sjukdommer og symptomar.
  • dei vanlegaste orale biverknadene av legemidel.
  • hovedprinsippa for farmakologisk terapi av orale sjukdommer og symptomar.

Generell kompetanse

Kandidaten skal:

  • ha eit kunnskapsgrunnlag for vidare læring i farmakologi.
  • kunne kommunisere med pasientar og helsepersonell om legemiddelbruk, samt verknader og biverknader av legemiddel.
  • kunne vurdere legemiddelinformasjon og faglitteratur kritisk.

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått fjerde semester i studieprogrammet

Studiepoengsreduksjon

OD2FAR 3 studiepoeng

Krav til studierett

Integrert masterprogram i odontologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga omfattar ei fagspesifikk forelesingsrekkje i farmakologi, samt forelesingar integrert i anna undervising (gruppearbeid).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesninger 21 timer (a 45 minutter)

Undervisninga omfattar ei fagspesifikk forelesingsrekkje i farmakologi, samt forelesingar integrert i anna undervisning. Undervisning blir også gitt i KOS-blokka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppearbeidet er obligatorisk.

Vurderingsformer

Det blir arrangert ein 3 timar lang skriftleg eksamen ved slutten av semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem, minimum hvert tredje år.

Programansvarleg

Programutval for odontologiske fag

Emneansvarleg

Førsteamanuensis Olayiwola Adekoya.

olayiwola.adekoya@uib.no

Administrativt ansvarleg

Institutt for klinisk odontologi

Eksamensinformasjon