Hjem
Studentsider
Masteremne

Ferdigheitskurs kjeveortopedi

  • Studiepoeng1
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeOD3KJEVE
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk/ skandinavisk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

1 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Kjeveortopedi er studiet som omhandlar:

  • utvikling og vekst av hodet, ansikt og kjevar
  • utviklinga og funksjonen til tannsett, kjevar og det craniofaciale systemet
  • undersøking og diagnostisering av vekst, okklusjon og anomaliar av tannfrembrot

Det akademiske innhaldet inkluderer grunnprinsipp om diagnose av tann- og kjevestillingsfeil, behandlingsbehov samt tidspunkt for kjeveortopedisk behandling, preventive moglegheiter, effektar av ulike typar kjeveortopediske apparaturar og indikasjonar og kontra-indikasjonar for å bruke dei.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten er i stand til å greie ut om:

  • grunnleggjande aspekt ved utvikling av okklusjon og diagnostisering av erupsjonsanomalier.
  • grunnleggjande aspekt ved indikasjonen og behovet for kjeveortopedisk behandling.
  • når og korleis ulike typar malokklusjonar bør bli behandla.
  • grunnleggjande aspekt ved prinsippa for kjeveortopedisk behandling ved ulike aldrar.
  • mekanismane og effektane av festa, avtakbare og funksjonelle kjeveortopediske apparaturar.
  • grunnleggjande aspekt ved prinsippa for korreksjonen av defektar i tann- og kjevestilling i ei interdisiplinær behandling.

Ferdigheiter

Kandidaten er i stand til å:

  • vurdere behovet og tidspunktet for og samstundes grunnleggjande planlegging av kjeveortopedisk behandling.
  • informere pasientar og foreldre/ verjer om behovet (om det finnast) for kjeveortopedisk behandling og kva behandlinga inneber.
  • vise pasientar med behandlingsbehov til ein kjeveortopedisk spesialist og kommunisere og samarbeide med spesialisten om behandlinga.
  • forebyggje/ hindre utviklinga av lokale tanndefekter og ta til med behandling for å bryte med vanar som har negative effektar på utviklinga av pasientens okklusjon.
  • å utføre grunnleggjande kefalometrisk analyse, analyse av studiemodellar og planlegging av enkel, kjeveortopedisk behandling med enklare apparatur.

Generell kompetanse

Kandidaten er i stand til å:

  • identifisere vekst-, erupsjons- og okklusjonsanomaliar og informere om kjeveorotpediske behandlingsbehov (om det er eit behov).
  • forklare problema ved malokklusjonar, påverknaden av behandling (eller inga behandling) og informere pasienten og/eller foreldra/verja om stønader frå det norske trygdesystemet (HELFO) som er knyta til kjeveortopedisk behandling.
  • forklare prinsippet ved behandlinga av ulike typar malokklusjonar og kjeveortopedisk behandling med ulike kjeveortopediske apparaturar og tilnærmingar.

Krav til forkunnskapar

Fullført 5. semester ved Integrert master i odontologi

Tilrådde forkunnskapar

OD1ORBI

OD2ORBI

OD1ANA

Studiepoengsreduksjon

Nei

Krav til studierett

Integrert master i odontologi, MAOD-ODONT

Arbeids- og undervisningsformer

  • Førelesingar
  • Seminar
  • Sjølvstendig arbeid
  • Gruppearbeid
  • Klinisk retta undervisning
  • Kasuspresentasjonar
  • Praktiske øvingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent innføringskurs, klinisk teneste og seminar og dessutan skriftlege, kliniske evalueringsprøvar er ein føresetnad for å gå opp til eksamen i faget.

Vurderingsformer

Studenten skal ha godkjend deltakelse i følgende aktiviteter:

  • 100 % tilstedeværelse/ oppmøte i obligatoriske aktiviteter
  • Godkjent sjølvstendig arbeid
  • Godkjent gruppearbeid
  • Godkjente praktiske øvingar
  • Godkjente kasuspresentasjonar

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember året før undervisninga tar til. Den blir gjort tilgjengeleg via MittUiB.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem kvart 3. år.

Programansvarleg

Programutval for odontologiske fag

Emneansvarleg

Professor Keijo A. Luukko

Administrativt ansvarleg

Institutt for klinisk odontologi