Hjem
Utdanning
Masteremne

Rapport praksisstudie (integrert masteroppgåve)

Mål og innhald

Praksisstudiet skal førebu kandidaten på yrkeslivet og lette omstillinga frå å vere student til å praktisere som tannlege. Gjennom undervisning i kliniske fag og samfunnsodontologi, samt gjennom erfaringar, observasjonar og samtaler under praksisstudiet, skal studentane få auka forståing for korleis tannhelsetenesta er organisert og fungerer i praksis, samt for dei problemstillingane som pasientar og ulik typar tannhelsepersonell kan møte.

Den integrerte masteroppgåva er sett saman av 3 delar:

Del 1: Medisinsk statistikk (Sjå eiga skildring av medisinsk statistikk 1. studieår)

Del 2: Rapport frå Praksisstudiet (Rapportskriving og presentasjon)

Del 3: Prosjektoppgåve (inkludert oppstartseminar, bibliotekkurs, skrivekurs og presentasjonsseminar)

Studentane skal tileigne seg basale ferdigheiter innanfor odontologisk forskingsmetode, inkludert øving i kritisk evaluering av faglitteratur, samt erfaring i å presentere fagleg stoff skriftleg og munnleg.

Prosjektoppgåva skal skrivast med utgangspunkt i litteraturstudium, kasustikkar eller deltaking i forskingsprosjekt.

Læringsutbyte

Etter gjennomført praksisstudium skal kandidaten

  • kunne skildre og forstå dei problema som møter både pasientar og tannhelsepersonell
  • ha skaffa seg ein viss kjennskap til dei fleste typar tannhelsetenester
  • erkjenne nødvendigheita av ein førebyggjande tannpleieprofil
  • erkjenne og forstå behovet for effektiv kommunikasjon med pasientar, hjelpepersonell, kollegaer og andre samarbeidspartnarar (inkl. teamarbeid)
  • ha fått innblikk i organisasjonen, administrasjonen, finansieringa og drifta av tannhelsetenesta
  • ha demonstrert evne til observasjon og kritisk vurdering gjennom praksisstudiet

Ei detaljert skildring av læringsmåla i praksisstudiet finst i ¿Håndbok for praksisstudiet¿.

Etter å ha fullført arbeidet med den integrerte masteroppgåva skal kandidaten ha utvikla ei kritisk og reflektert holdning til faget og vere i stand til å formidle skriftleg og munnleg så vel eigne som andre sine undersøkingar på ein fagleg korrekt måte som er forståeleg for kollegaer.

Kandidaten skal kunne:

  • bruke metodar for odontologisk og helsefagleg forsking
  • bruke kritisk tenking og ha øving i evaluering av faglitteratur og prosjekt
  • ha evne til fagleg fordjuping
  • presentere fagleg stoff skriftleg og munnleg
  • arbeide sjølvstendig
  • utføre sjølvstudium av faglitteratur

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Praksisstudiekurset er obligatorisk og bygd opp av forelesingar, seminar og ein tre veker lang praksisperiode i Den offentlege tannhelsetenesta med skriving av rapport/dagbok.

Skriftleg rapportering i form av rapport/dagbok og munnleg tilbakemelding i oppfølgingsseminar i regi av fagområdet samfunnsodontologi.

Skriftleg tilbakemelding blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Det blir sett av tid til arbeid med prosjektoppgåva ein dag i veka i 7.-10.semester.

I 7. semester blir det halde oppstartseminar, bibliotekkurs og skrivekurs for kull 4. I faget samfunnsodontologi blir det gitt undervisning og seminar i forskingsmetode.

Studentane arbeider med oppgåva anten individuelt eller to studentar i samarbeid.

Studentane får presentert oppgåveforslag frå fagområda, men kan også sjølv ta kontakt med fagområda og kome med oppgåveforslag. Forskingsleiarane ved fakultetet skal medverke til å inkludere studentane i eksisterande forskingsprosjekt.

Det blir skrive rettleiingskontrakt mellom studenten(/ane) og rettleiaren. Ein tilsett med vitskapleg kompetanse skriv under som hovudrettleiar. Rettleiingskontrakten presiserer rettar og plikter mellom kandidat og rettleiar. Stipendiatar bør delta aktivt i rettleiingsarbeidet og hjelpe hovudrettleiar.

Innlevert prosjektoppgåve blir eksaminert av rettleiar og ein intern sensor. Sensor skal vere ein tilsett med vitskapleg kompetanse, helst frå eit anna fagområde. Studenten får tilbakemelding innan 3 veker etter innlevering. Prosjektoppgåva har reglementsmessig status som eksamen og blir vurdert etter ECTS skala Bestått/Ikkje bestått. Tittelen på oppgåva blir ført inn i studenten sitt vitnemål.

Vurderingsformer

Praksisstudiet blir evaluert frå student og rettleiar ved hjelp av utarbeidde evalueringsskjema. Det blir kvart år laga ei tilbakemelding til studentar og rettleiarar.

Det blir lagt opp til ein munnleg presentasjon av masteroppgåva for medstudentar, lærarar og eventuelle inviterte gjester i midten av 10. semester.

Eksamensinformasjon