Hjem
Studentsider
Masteremne

Ferdighetskurs del 2: Protetikk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeOD3PROT
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 Studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

master

Undervisningssemester

Femte og sjette semester

Mål og innhald

Etter gjennomføring av kurset er studentane i stand til å gjennomføre enklere former for protetisk behandling. I løpet av kurset vert det undervist om biomaterialer og om prinsipp og teknikker som ein anvend i samband med bruken av indirekte faste og indirekte avtakbare restaureringar for å rette opp igjen funksjon eller for å forebyggje (vidare) skader.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan greie ut om:

  • Fagområdet protetikk sitt system for omgrep
  • Indikasjonar og prinsipp for behandling med tannretinerte faste protesar
  • Indikasjonar og prinsipp for behandling med avtakbare protesar

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å utføre basal protetisk behandling med:

  • Tannretinerte faste protesar
  • Avtakbare protesar

Generell kompetanse

Studentane skal kunne utvise tilstrekkeleg gode haldningar til eige utførte protetiske arbeid, med omsyn til teknisk kvalitet og presisjon.

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått fjerde semester i studieprogrammet

Studiepoengsreduksjon

OD2FERD2  13 Studiepoeng

Krav til studierett

Integrert masterprogram i odontologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vert gitt som ein kombinasjon av teori og praktisk arbeid der det praktiske arbeidet blir støtta av forelesingar, videoframsyningar, demonstrasjonar, seminar og vitjing på tannteknisk laboratorium. Hovudaktiviteten i kurset er individuelt, praktisk arbeid (på fantomhovud, dentale simulatorar og tannteknisk arbeid) kombinert med innlæring av relevante kunnskapar om protetisk behandling. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningen gis i form av temablokker der det praktiske arbeidet utdypes i form av forelesninger, videoseminarer, demonstrasjoner, temadager og besøk på tannteknisk laboratorium. Den vesentligste aktiviteten i kurset er individuelt, praktisk laboratoriearbeid (arbeid på fantomhoder og tanntekniske prosedyrer).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er krav om obligatorisk frammøte og gjennomføring av obligatoriske arbeidskrav etter nærmare spesifikasjonar. Ein brukar omgrepet «godkjent» for å registrere at krava er oppfylte.

Vurderingsformer

Det praktiske arbeidet vert kontinuerleg vurdert både individuelt og kollektivt gjennom kurset. I tillegg vert det  arrangert anonyme praktiske og teoretiske testar.  Vurderinga vert utført ved at lærarkollegiet diskuterer den einskilde students prestasjon. Basert på dette får studenten  informasjon gjennom individuelle samtalar. Endeleg godkjenning av praktisk del av kurset/emnet gis dersom læringsutbyttet vurderast til å vere oppnådd.

Det vert halde ein skriftleg, teoretisk prøve ved avslutning av kurset.  For å få ta prøven, må den praktiske delen av kurset være «bestått».  Ein har 3 forsøk på å oppnå vurderinga "bestått"( enten skriftleg eller munnleg). For å bestå den teoretiske prøven, må studenten oppnå minst 60% riktige svar.

For å oppnå vurderinga «bestått» for heile kurset/emnet, må praktisk del og teoretisk prøve være bestått.

"Bestått" kurs er obligatorisk for å kunne ta til med pasientbehandling i klinikken

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust- og vårsemester

Litteraturliste

Ein liste over obligatorisk og anbefalt litteratur vert publisert 1.juni for heile kurset som startar opp i haustsemesteret.

I tillegg vert det lagt ut ulike videofiler som viser praktiske moment  og  førelesingar, samt digitale presentasjonar av meir teoretisk stoff.

Emneevaluering

Undervisinga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programutvalg for odontologiske fag

Emneansvarleg

Professor Morten E. Berge

Administrativt ansvarleg

Institutt for klinisk odontologi

Institutt

Institutt for klinisk odontologi