Hjem
Studentsider
Masteremne

Samfunnsodontologi

Hovedinnhold

Mål og innhald

Etter gjennomgått undervisning og praksisstudium skal kandidaten kunne ta ansvar for den orale helsa til befolkninga og kunne utøve tannlegeverksemd i samsvar med aktuell odontologisk kunnskap, befolkninga sine behov, ønske og føresetnader, samt dei til ei kvar tid gjeldande lover, bestemmingar og økonomiske rammer.

Kunnskapar

Kandidaten skal kunne greie ut om:

  • den epidemiologiske situasjonen for dei viktigaste orale sjukdomane/tilstandane og

determinantar for desse

  • enklare statistiske og andre metodar som blir brukte innanfor samfunnsodontologisk

forsking

  • kjennskap til og oversikt over måla, organisasjonen, ressursane og funksjonane til helse- og sosialsektoren
  • forskjellige modellar for tannpleie/helsefremjande og sjukdomsførebyggande verksemd, korleis tannpleieprogram kan planleggjast og evaluerast
  • helseåtferd og motivasjon, inkludert kva for vilkår som ligg til grunn

for at påverknad skal føre til endringar i holdning og åtferd

  • kjennskap til måla, organisasjonen, ressursane og funksjonane til tannhelsetenesta
  • gjeldande helselovgiving, trygde- og sosiale tenester, kvalitetssikring, samt sosiale og etiske normer

Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne:

  • bruke enkle statistiske og forskingsmetodologiske kunnskapar til kritisk evaluering av samfunnsodontologisk faglitteratur
  • bruke enklare statistikk og forskingsmetodar ved analyse, planlegging og evaluering av tannhelsetenester
  • vurdere måla, organisasjonen, ressursane og funksjonane til tannhelsetenesta
  • skildre bruken av ulike strategiar i det helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeidet
  • kommunisere og samarbeide med personellet i tannhelse-, helse- og sosialsektoren, samt med administrative organ, befolkninga og befolkninga sine valde representantar om tannhelsespørsmål

Holdningar

Kandidaten skal

  • ha utvikla positive holdningar til tiltak for å bevare eller betre individet og/eller befolkninga si orale helse
  • erkjenne at kunnskapar må haldast ved like og fornyast

Læringsutbyte

Samfunnsodontologi arbeider med orale helseforhold og odontologisk verksemd som gruppefenomen, på vitskapleg grunnlag og i et samfunnsperspektiv. Viktige tema er epidemiologi med forskingsmetode og anvend statistikk, demografi, helsefremjande og sjukdomsførebyggjande verksemd, helse-, sosial- og tannhelsetenester, samt lovgiving, administrasjon og forvaltingslære.

Fagområdet har ansvar for førebuing, gjennomføring, bearbeiding og evaluering av praksisstudiet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningsopplegget omfattar forelesingar, seminar, oppgåve/rapport og praksisstudium i Den offentlege tannhelsetenesta.

Tverrprofesjonell samarbeidslæring, TVEPS inngår i emnet. Se https://www.uib.no/emne/TVEPS

Vurderingsformer

Evalueringa går føre seg i form av skriftleg rapport/dagbok frå praksisstudiet og ein 4 timar lang skriftleg eksamen med ekstern sensor ved slutten av det 9. semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    11.12.2023, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.09.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen