Kjeveortopedi + klinikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kjeveortopedi er studiet som omhandlar:

  • utvikling og vekst av hodet, ansikt og kjevar
  • utviklinga og funksjonen til tannsett, kjevar og det craniofaciale systemet
  • undersøking og diagnostisering av vekst, okklusjon og anomaliar av tannfrembrot

Det akademiske innhaldet inkluderer kunnskap om diagnose, behandlingsbehov og tidspunkt for behandling, preventive moglegheiter, effektar av ulike typar kjeveortopediske apparaturar og indikasjonar og kontra-indikasjonar for å bruke dei.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten greier ut om:

  • etiologiske faktorar ved tann- og kjevestillingsfeil og kjenner til utbreinga av desse i befolkninga.
  • hodets og kjevenes pre- og postnatale vekst og utvikling, metodar for bestemmelse av veksthastigheit og vekstretning og korleis veksten kan påverkas av kjeveortopedisk behandling.
  • okklusjonsutviklingen og korleis ein diagnostiserer erupsjonsavvik.
  • behov og indikasjon for kjeveortopedisk behandling og når og korleis avvik skal behandlas.
  • prinsippa for kjeveortopedisk behandling ved ulike aldrar, verknaden av fast, avtakbar og vekstpåverkande apparatur.
  • dei biologiske reaksjonane ved tannforflytting, skadeverknadar ved kjeveortopedisk behandling og stabilitet etter behandling.
  • prinsippa for korreksjon av tann- og kjevestillingsfeil ved interdisiplinær behandling.
  • dei vanlegaste misdanningane i ansikt og kjever og kjenner til prinsippa for behandling av leppe-, kjeve- ganespalte.

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • gjennomfører dei kliniske undersøkingane som er naudsynte for å diagnostisere vekst-, erupsjons- og okklusjonsavvik på ulike alderstrinn.
  • vurderer behov og tidspunkt for kjeveortopedisk behandling.
  • informerer pasientar og føresette om behov (eller ikkje behov) for kjeveortopedisk behandling, om kva behandlinga inneber og risikofaktorar ved denne.
  • viser pasientar med behandlingsbehov til spesialist i kjeveortopedi og kommuniserer og samarbeider med denne om behandlinga.
  • informerer pasientar om trygdestønader i samband med kjeveortopedisk behandling.
  • førebyggjer utviklinga av lokale tannstillingsfeil og iverksetjer behandling for å bryte av vanar (uvanar) som har negativ effekt på okklusjonen.
  • utfører profylaksetiltak for pasientar med fast reguleringsapparatur.
  • observerer interdisiplinær behandling og evaluerer stabiliteten etter kjeveortopedisk behandling.

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kartlegg vekst-, erupsjons- og okklusjonsavvik, informerer om eventuelle behandlingsbehov (eller ikkje behov) av okklusjonsavvik.
  • presenterer problem ved bittavvik, konsekvens av behandlinga (eller av ikkje-behandling) og informerer om trygdestønader i samband med kjeveortopedisk behandling.
  • bestemmer tidspunkt og behov for tilvising av pasientar til kjeveortoped.
  • presenterer prinsipp for behandling av ulike bittavvik og prinsippa for kjeveortopedisk behandling med enkel og omfattande apparaturar.
  • informerer om skadeverknadar i samband med kjeveortopedisk behandling og bidreg med profylaksetiltak for pasientar som gjennomgår behandling med fast, kjeveortopedisk apparatur.

Studiepoeng, omfang

6 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår (emnet går over to semestre)
Krav til forkunnskapar
OD3KJEVE (fullført 5. semester i integrert master i odontologi)
Studiepoengsreduksjon
OD3KJE - 6 SP
Krav til studierett
Integrert master i odontologi, MAOD-ODONT
Arbeids- og undervisningsformer
  • Førelesingar
  • Seminar
  • Sjølvstendig arbeid
  • Gruppearbeid
  • Skriftleg arbeid
  • Klinisk retta undervisning
  • Kasuspresentasjonar
  • Praktiske øvingar
  • Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

    Undervisningen foregår i 7. og 8. semester og hver student har en økt i uken.

    Undervisningen holdes som innføringskurs, seminar, forelesninger (en time i uken) og klinikk.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Godkjent innføringskurs, klinisk teneste og seminar og dessutan skriftlege, kliniske evalueringsprøvar er ein føresetnad for å gå opp til eksamen i faget.

    All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesingar.

    Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.

    I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.

    I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.

    Vurderingsformer

    Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet inkludert klinisk pasientbehandling

    4 timers skriftleg skuleeksamen

    Karakterskala
    Bestått / ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret og 1. juni for haustsemesteret. Den blir gjort tilgjengeleg via MittUiB.
    Emneevaluering
    Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem kvart 3. år.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programutval for odontologiske fag
    Emneansvarleg
    Professor Keijo A. Luukko
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for klinisk odontologi
    Institutt
    Institutt for klinisk odontologi