Hjem
Studentsider
Masteremne

Protetikk + klinikk

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeOD4PROT
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust (undervisinga går over to semestre)

Mål og innhald

Mål og innhald

Protetikk er læra om kunstige, indirekte erstatningar av tapte eller manglande orale vev, primært tenner. Kurset bygjer vidare på innføringa som er gitt i propedeutisk kurs/ferdigheitstrening og inneheld teoretisk og klinisk innføring i enklare former for protetisk pasientbehandling.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Kandidaten har kunnskap om og gjer greie for:

  • Begrepsapparatet innan protetikk
  • Tanntekniske fremstillingsmetodar ved protetisk behandling
  • Epidemiologiske data i høve til tanntap og protetisk behandling
  • Levetidsdata for ulike typar protetisk behandling og faktorar som påverkar desse
  • Okklusjon og artikulasjonsprinsipp for faste og avtakbare protesar
  • Behandlingsplanlegging for framstilling av faste og avtakbare protesar
  • Aktuelle materialar og forbehandlingsfasar ved protetisk behandling
  • Estetikk, inklusive fargeval for protetiske erstatningar
  • Skadeverknader ved protetisk behandling
  • Preparering, avtrykkstaking og kjeveregistrering, utforming, tilpassing og sementering av faste protesar
  • Rotstiftforankring i rotfylte tenner
  • Framstilling og fastsetting av provisorier
  • Vedlikehaldsfase og hygieneprogram for pasientar med faste og avtakbare protesar
  • Avtrykkstaking, kjeveregistrering, utforming, tilpassing, utlevering og etterbehandling ved avtakbare protesar

Ferdigheiter

Kandidaten er i stand til å:

  • Innhente nødvendig anamnestiske opplysningar som er relevant for undersøkingar, behandling og vedlikehald
  • Gjennomføre nødvendige kliniske og røntgenologiske undersøkingar
  • Vurdere behovet for tilleggsundersøkingar som salivaprøver og mikrobiologiske prøver
  • Vurdere behovet for enklare protetisk behandling med innlegg, kroner, små bruer, avtakbare partialproteser (med støypt skjelett), trådklammerproteser og avtakbare heilproteser
  • Vurdere og informere om alternative behandlings løsninger i forhold til prognose og risiko
  • Planlegge og gjennomføre enklare protetisk behandling
  • Vurdere kvaliteten av tanntekniske arbeid
  • Framstille adekvate midlertidige løysningar
  • Kommunisere med pasienten og gi nødvendig informasjon om vedlikehald, mellom anna informasjon om intraoralt reinhald, kosthald og behov for videre kontroller hos tannlege/tannpleier
  • Planlegge oppfølging og kontroller, også der det er behov for hjelp av pårørande eller anna pleiepersonell
  • Dokumentere helseopplysningar, kliniske funn/diagnosar, vurderingar, behandlingsalternativ, val av behandling og vedlikehaldsplan

Generell kompetanse

Kandidaten har ferdigheiter og kunnskaper som blir reflektert i følgjande profesjonelle haldningar:

  • Sterke kvalitetskrav til teknisk presisjon, dokumentasjon av kasusvurderingar og utført behandling og tilrådd handtering av materialar
  • Kritisk eigenvurdering av utførte behandlingstiltak og behandlingsplanar
  • Ansvarskjensle og samarbeidsvilje overfor pasientane
  • Gjennomføring av protetisk behandling med tilhøyrande oppfølging
  • Samarbeidsvilje overfor hjelpepersonell og eventuelle andre som medverkar i behandlinga
  • Erkjenning av behov for å vedlikehalde og fornye sine kunnskapar innan fagfeltet protetikk samt
  • Erkjenning av eiga fagleg avgrensing

Krav til forkunnskapar

OD3PROT

Studiepoengsreduksjon

Under avklaring

Krav til studierett

Integrert masterprogram i odontologi

Arbeids- og undervisningsformer

Integrert teoretisk og praktisk klinisk undervisning som omfattar førelesingar, obligatoriske demonstrasjonar, obligatoriske seminar/gruppemøter, teoretiske prøver samt obligatorisk teneste i klinikk. Studentane behandlar eigne pasientar med definerte krav til kvantitet og kvalitet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Integrert teoretisk og praktisk klinisk undervisning som omfatter forelesninger, obligatoriske demonstrasjoner, obligatoriske seminarer/gruppemøter, teoretiske prøver, samt obligatorisk tjeneste i klinikk. Studentene behandler egne pasienter med definerte krav til kvantitet og kvalitet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All klinisk undervisning med førebuing er obligatorisk. Dette gjeld mellom anna seminarer, gruppemøter, teoretiske prøver, samt klinisk relevante førelesingar.

Vurderingsformer

4 timers skuleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Liste over obligatorisk litteratur og anbefalt litteratur publiseres via MittUiB 1. desember semesteret før undervisninga tek til.

Emneevaluering

3-årleg skriftleg evaluering via MittUiB.

Programansvarleg

Programutval for odontologiske fag

Emneansvarleg

Førsteamanuensis Siri Flagestad Kvalheim

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for klinisk odontologi

Institutt

Institutt for klinisk odontologi