Internasjonalt emne heime

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane kunnskap om helse/oral helse i eit globalt /internasjonalt perspektiv og samstundes stimulere til refleksjonar kring ulikskapar samanlikna med odontologisk praksis i Noreg. Emnet formidlar forståing for globale utfordringar i helse/oral helse og tilbod/bruk av helse/tannhelsetenester.

Innhald:

Emnet tek opp tema innan epidemiologi, samfunnsodontologi, førebyggjande og helsefremmande arbeid, oral patologi, klinisk verksemd og globale utfordringer når det gjeld tilbodet om og bruken av orale helsetenester.

Læringsutbyte

Studenten har, ved avslutta emne, følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten:

  • har avansert kunnskap om orale helseutfordringer globalt, interaksjonen mellom oral helse og generell helse og om individuelle og samfunnsmessige faktorar som verker inn på global oral helse.
  • kjenner til korleis ein anvender orale førebyggjande og helsefremjande tiltak i lave ressursområde.
  • kjenner til den globale byrden ved orale sjukdomar.
  • kjenner ulike metodar for vurdere informasjonen frå innsamling av opplysningar om helse/oral helse

Ferdigheiter:

Studenten:

  • føretar ein analyse med identifisering av problem og mål når det gjelder den orale helsen i lave ressursområde.
  • implementerer eit oralt helseprogram basert på denne situasjonsanalysen og veit korleis ein nytter relevante metodar i oral helse forsking og førebyggjande orale helse strategiar.

Generell kompetanse:

Studenten reflekterer kring globale og bidrar mot globale, orale helse-utfordringar. Etiske forhald, ulike tilnærmingar for intervensjon, internasjonalt samarbeid og offentlege kontra private helsetenestetilbod er tema studenten er i stand til å ta stilling til.

Studiepoeng, omfang

3 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Integrert master i odontologi

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Fullført og bestått 8. semester ved Integrert master i odontologi
Studiepoengsreduksjon
OD5INT1 3 studiepoeng
Krav til studierett
Dette emnet er obligatorisk for studentar i 9. semester ved integrert master i odontologi som vel å ikkje gjennomføre eit utvekslingsopphald i utlandet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, litteraturstudium, diskusjonar i grupper, seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk frammøte til undervisinga /seminara med unntak av førelesingar
Vurderingsformer
Avsluttande, skriftleg prøve i den digitale plattformen Inspera
Karakterskala
Bestått/ ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg innan 1. juni før haustsemesteret.
Emneevaluering
Eigevurdering kvart år, emneevaluering kvart 3. år jamføre UiBs rammeverk for studiekvalitet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programutvalet for odontologiske fag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Fagleg internasjonal koordinator
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet/ Institutt for klinisk odontologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.