Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i pedagogikk

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng. Studentar som tar PED100 våren 2016 tar ein versjon av emnet på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som målsetting å forberede studentane til vidare studiar i pedagogikk. Studentane skal tileigne seg kunnskap om kjenneteikn ved og omfanget av fagområda pedagogikk. Emnet skal også sette studentane i stand til å sjå kva historisk og politisk kontekst faget pedagogikk fungerer i.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:

Studenten...

  • har kjennskap til grunnleggande pedagogiske omgrep og problemstillingar
  • har kjennskap til tradisjonar og historiske linjer innan skule og utdanning
  • har kjennskap til betydinga av sosiale og kulturelle faktorar for pedagogiske praksisar

Ferdigheiter:

Studenten...

  • kan reflektere over kva som kjenneteiknar pedagogikk som fagområde
  • kan identifisere sentrale pedagogiske problemstillingar i emnelitteraturen

Generell kompetanse:

Studenten...

  • kan lese og analysere ein akademisk tekst og gjengi tekstane i sitt hovudinnhald

Krav til studierett

Emnet er ope for alle som er tatt opp på årsstudiet og bachelorprogrammet i pedagogikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga vil kombinere førelesingar og seminar. Det er forventa at studentane les anbefalt litteratur og deltek i undervisinga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 8 dagar, ca 2500 ord.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    26.04.2021, 12:00
    Innleveringsfrist
    03.05.2021, 14:00
    Trekkfrist
    12.04.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen