Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Pedagogisk filosofi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Emnet er ein grunnleggjande innføring i pedagogisk filosofi og idéhistorie, der omgrepa kunnskap, danning og medborgarskap utgjer sentrale kategoriar. Studentane sitt arbeid med dette emnet skal utvikle deira forståing for korleis ein kan diskutere pedagogisk-filosofiske spørsmål i pedagogikk. Arbeidsmåten utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.

Eit mål er å gje studentane innsikt i korleis pedagogisk filosofi og idéhistorie kan bidra til å problematisere ulike grunngjevnader for pedagogisk praksis. Eit anna mål er å gjera studentane i stand til å drøfte spørsmål knytte til pedagogiske fenomen som undervisning, læring, kunnskap, oppseding, danning og medborgarskap. Eit tredje mål er å tilby studentane eit grunnlag for å forstå forholdet mellom pedagogikkfaget sine praktiske og teoretiske dimensjonar ved at det blir lagt særleg vekt på dei kunnskapsteoretiske sidene ved pedagogisk praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten...

  • har kunnskap om og forståing for sentrale pedagogisk-filosofiske perspektiv og arbeidsmåtar
  • har kunnskap om fagområdets eigenart og forhold til pedagogikkfaget generelt

Ferdigheiter:

Studenten...

  • kan anvende eit pedagogisk-filosofisk kunnskapsgrunnlag i drøfting av utdanning, danning, kunnskap, læring og medborgarskap
  • kan reflektere kritisk over pedagogikkfaget, både i sin teoretiske og praktiske dimensjon

Generell kompetanse:

Studenten...

  • kan diskutere grunnar og føresetnader for pedagogisk praksis
  • kan kommunisere pedagogisk-filosofisk fagstoff både munnleg og skriftleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert normalt sett saman av førelesingar, seminarundervising i mindre grupper, oppgåveskriving og litteraturstudium. I seminarundervisinga blir det lagt vekt på gruppediskusjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert normalt sett saman av førelesingar, seminarundervising i mindre grupper, oppgåveskriving og litteraturstudium. I seminarundervisinga blir det lagt vekt på gruppediskusjon.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av eit fagleg essay og ein 4 timars skriftleg eksamen. Det vil bli gitt ein samla karakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Semesteroppgåve: Alle

Skuleeksamen: Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og ein skriftleg prøve

    Trekkfrist
    19.05.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      02.06.2023, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skuleeksamen

      Dato
      15.06.2023, 15:00
      Varigheit
      4 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen