Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Pedagogiske perspektiv på læring

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i læring og læringsteori sett i eit pedagogisk perspektiv. Spørsmål omkring kunnskapsoverføring og kunnskapsutvikling blir tematisert og problematisert frå ulike teoretiske vinklar. Det blir lagt særleg vekt på å sjå læring i eit sosialt og kulturelt perspektiv. Emnet drøftar også historiske og kulturelle variasjonar i synet på sosialisering og oppseding. Læring blir også relatert til verktøy som me nyttar oss av når me lærer, primært skriving.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten...

  • har kunnskap om sentrale læringsteoriar og deira relevans for pedagogikk
  • har forståing for læringsprosessar sin relasjon til sosiale og kulturelle forhold
  • har kjennskap til historiske og kulturelle variasjonar i syn på sosialisering og oppseding
  • har innsikt i skriveprosessen si tyding som verktøy for læring

Ferdigheiter:

Studenten...

  • kan bruke ulike teoretiske tilnærmingar for å forstå konkrete læringssituasjonar
  • kan utvikle og vidareutvikle faglege tekstar i lys av tilbakemelding
  • kan meistre relevante verktøy knytt til bruk av forskingslitteratur i eigne skriftlege arbeid

Generell kompetanse:

Studenten...

  • kan gje og ta imot konstruktiv tilbakemelding på skriftlege tekstar
  • kan reflektere over eigen skrive- og læringsprosess
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver over tid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på årsstudiet i pedagogikk, bachelorprogrammet i pedagogikk og bachelorprogrammet i spesialpedagogikk ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er lagt opp som ein kombinasjon av førelesingar, oppgåveskriving og litteraturstudium. Deler av skrive- og læringsaktiviteten vil skje i form av datastøtta samarbeidslæring. Det blir lagt opp til aktiv deltaking og kunnskapsdeling mellom studentar og lærarar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er mappevurdering.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    11.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    27.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen