Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Skulens læringsmiljø

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet gir ei grunnleggande innføring i sammanhengar mellom det psykososiale læringsmiljøet i grunnskule og vidaregåande opplæring og elevene sin psykiske helse og trivsel. Spørsmåla blir belyst ut frå pedagogiske, psykologiske og sosiologiske perspektiv. Det blir lagt særleg vekt på at studentane utviklar forståing for moderatorar til god psykisk helse og trivsel som meistring og motivasjon og sosial støtte i læringsmiljøet. Emnet skal og gi studentane eit grunnlag for å drøfte læraren sin og skulesystemet si rolle i det førebyggande og helsefremmande psykiske helsearbeidet i lys av aktuell utdanningspolitikk. Studentane skal vidare bli i stand til å drøfte ulike utfordringar og problemstillingar knytt til det psykososiale læringsmiljøet i lys av teoretiske perspektiv på mikro og makronivå.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

 

Studenten ..

  • har forståing for psykososiale læringsmiljø
  • har kunnskap om forutsetningar for, samt utfordringar og problemstillingar knytta til skulen sitt arbeid med det psykososiale læringsmiljøet
  • har kunnskap om samanhengar mellom det psykososiale læringsmiljøet og barn og unge sin psykiske helse, trivsel og læring
  • kjenner til sentrale styringsdokument og utdanningspolitikk om det psykososiale læringsmiljøet og psykisk helse og trivsel
  • har kunnskap om forebyggande og helsefremmande arbeid i skulen

Ferdigheiter

 

Studenten ..

  • kan bruke pedagogiske, psykologiske og sosiologiske teoretiske tilnærmingar for å forstå samanhengar mellom det psykososiale læringsmiljøet og barn og unge sin psykiske helse, trivsel og læring
  • kan drøfte læraren og skulen si rolle i arbeidet med psykososialt læringsmiljø
  • kan drøfte læraren og skulens si rolle i det forebyggande og helsefremmande psykiske helsearbeidet
  • kan analysere utfordringar og problemstillingar knytta til skulen sitt psykososiale læringsmiljø i ljos av ulike teoretiske perspektiv
  • kan reflektere over forutsetningar og utfordringar knytta til psykososialt læringsmiljø i norsk skule

Generell kompetanse

 

Studenten ..

  • kan reflektere over psykisk helse og frafallsproblematikk i norsk skule
  • kan finne og bruke relevante begrep, teoriar og perspektiv til å diskutere forutsetningar for og utfordringar knytta til psykososialt læringsmiljø i norsk skule
  • kan diskutere aktuell utdanningspolitikk relatert til grunnskule og vidaregåande opplæring

Krav til forkunnskapar

Før opptak til emnet må årsttudie eller fyrste året i eit av bachelorprogramma ved Det psykologiske fakultet vere bestått.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogramma i pedagogikk, spesialpedagogikk, arbeids- og organisasjonspsykologi og generell psykologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og seminar utgjer undervisninga i emnet.

Vurderingsformer

Digital skuleeksamen på 6 timar

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    04.12.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    20.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen