Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Pedagogisk kompetanse

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePED116
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane auka medvit om og innsikt i korleis kompetanse utvikla gjennom studiar i disiplinfaget pedagogikk er relevant for og kan brukast i arbeidslivet. Emnet tematiserer og problematiserer samanhengen mellom utdanning og arbeid med utgangspunkt i pedagogiske, kritiske og sosiologiske perspektiv, samt aktuelle politiske og samfunnsmessige rammevilkår.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ...

  • kan gjere greie for og drøfte innhaldet i pedagogisk kompetanse
  • kan gjere greie for og drøfte ulike perspektiv på koplinga mellom utdanning og arbeidsliv

Ferdigheiter

Studenten ...

  • meistrer å gjere greie for og begrunne sin pedagogiske kompetanse
  • kan finne, vurdere og referere til relevant informasjon og bruke denne i arbeidet med å definere og diskutere eit problemområde.
  • kan drøfte aktuelle politiske og samfunnsmessige rammevilkår for høgare utdanning og arbeidsliv

Generell kompetanse

Studenten ...

  • kan planlegge og gjennomføre arbeid i samarbeid med andre studentar
  • kan planlegge og presentere munnleg
  • kan gi fagleg tilbakemelding på medstudentars munnlege framlegg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Minimum eitt år med pedagogikkstudiar

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogrammet i pedagogikk

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak som studentaktive arbeidsformer i seminar der det blir gitt korte introduksjonsførelesningar. I tillegg arbeider studentene sjølvstendig med gruppeoppgåver kombinert med munnleg framlegg. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil hovudsakleg bestå av studentaktive arbeidsformer som seminar og gruppeoppgåver kombinert med munnleg framlegg. I tillegg vil det bli gitt noen introduksjonsførelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking i alt organisert gruppearbeid
  • Eit munnleg framlegg for resten av studentgruppa
  • Gje tilbakemelding på medstudentar sine framlegg

 Alle dei obligatoriske undervisningsaktivitetane må vere godkjende før studentane kan fremstille seg til vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Ei mappe som inneheld:

  • Jobbsøknad
  • Skriftlege notatar og oppsummeringar knytt til gruppa sine presentasjonar
  • Eigenevaluering

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/ikke bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@psyfa.uib.no

Studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 27 10